AVLYST! KURS: Handlegging
lau09okt(okt 9)09:00sun10(okt 10)17:00AVLYST! KURS: Handlegging
Om arrangementet
Har du lyst å lære ein unik og gammal kunnskap? Då er det å melde seg på dette kurset i handlegging. Instruktør og reipslagar ved Hardanger fartøyvernsenter, Ingunn Undrum, vil
Om arrangementet
Har du lyst å lære ein unik og gammal kunnskap? Då er det å melde seg på dette kurset i handlegging. Instruktør og reipslagar ved Hardanger fartøyvernsenter, Ingunn Undrum, vil i dette kurset lære deg å lage tau slik vikingane gjorde. Kurset gje eit djupdykk i den riktig gamle teknikken med å legge tau for hand med særs enkle hjelpemiddel, der hovudmaterialet er lindebast. Velkomen til kurs i ein teknikk ikkje mange veit om no til dags!
INSTRUKTØR: Ingunn Undrum
PRIS: 4500,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Nybyrjar
TA MED: Kniv
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 17. sept. 2021
>>> Sjå kursprogram for Hardanger og Voss museum pr. januar 2021
Tid
9 (Laurdag) 09:00 - 10 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
>>> MELD DI INTERESSEProgram
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
Boklansering
For familien
Konsert
Kunst og kultur
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdemuseum
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
lau21sep12:00lau19:00Open kafé og bruktmarked
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet. Me
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet.
Me har litt is som me sel til halv pris, kaker og kaffi, og elles fine ting i museumsbutikken: Nyttige og fine ting i tre, laga i Hardanger og på Voss, bruksvarer i kjeramikk laga i Bergen, fine gamle plakatar, og sjølvsagt bøker. Riddarrommet med prinsessekjolar og riddarkostymer vil óg være ope.
I Asbjørnsløa blir det eit eksklusivt bruktmarked. Her vert det seldt utvalde skattar denne ettermiddagen.
Kl. 17:00 blir det lansering av boka ATTRÅ om kunsten til Lars Korff Lofthus. Sjå eige arrangement.
Håpar me sjåast.