Konsertar med Øyonn Groven Myhren
lau13mai14:0015:15Konsertar med Øyonn Groven MyhrenMellomalderballader i Lagmannsstova
Om arrangementet
I samband med sesong- og utstillingsopning 13. mai 2023 har me gleda av å invitera til konsert med Øyonn Groven Myhren i Lagmannsstova! Øyonn Groven Myhren har arbeidd mykje med mellomaldermusikk,
Om arrangementet
I samband med sesong- og utstillingsopning 13. mai 2023 har me gleda av å invitera til konsert med Øyonn Groven Myhren i Lagmannsstova!
Øyonn Groven Myhren har arbeidd mykje med mellomaldermusikk, og det vert ei stor oppleving å høyra ho i den gamle mellomalderstova i Agatunet! For at flest mogleg skal få høve til det held ho denne dagen to konsertar, den fyrste klokka 14:00 og den andre klokka 14:45.
BILLETTAR I KAFÉEN PÅ FØREHAND:
Utstillingsopning og utstilling, samt konsert med Øyonn Groven Myhren: 280/250,-
Berre utstillingsopning/utstilling: 115,-
Berre konsert med Øyonn Groven Myhren: 200/180,-
Meir om Øyonn Groven Myhren:
Øyonn Groven Myhren vert rekna som ei av dei fremste folkemusikarane våre, og har vunne fleire førstepremiar frå Landskappleiken. Ho har vore sentral i ei rekkje prosjekt, blant anna i kvedargruppa Dvergmål, som har gitt ut to album: Visor og kvæde frå Blåberglandet (1996) og Song i himmelsalar (2004). CDen Nordjordet (2018) er frukt av eit mangeårig samarbeid med Bugge Wesseltoft. Her er òg verd å nemne I Jolo (1998) saman med Eilert Hægeland og Alf Tveit, Runarslaget (2021) saman med SISU slagverksensemble, og Tìle (2022) saman med Sidiki Camara og Olav Torget. Ho har arbeidd mykje med mellomalder-songar, blant anna gjennom ensemblet Aurora Borealis, med albuma Harpa (1997) og Wizlavs viser (2018), og i duoen Sogesong (med Anne Hytta) med Så vide fara dei lindaord (2017). Ho har sett søkelys på norsk 1600-talls-musikk gjennom ensemblet Barokk Boreal med albuma Ti bud i sanger (2020) og Sanger om død og glede (2022). Ho har skrive all musikken til kvedar-trilogien Haugtussa – forteljing i songar (2023). I 2001 skreiv ho tingingsverket Nivelkinn i hop med Odd Nordstoga, med tekstar av Aslaug Vaa. Urframføringa av verket vart gjeve ut på CD og fekk Spellemannprisen i kategorien Folkemusikk/Gammaldans i 2002. Som soloartist har ho gitt ut slåttetralle-albumet Akkedoria frå Kristiania (2003) og ballade-albumet Grisilla i Gullveven (2008), og ho har mottatt høgthengande prisar som Norsk folkemusikkfonds folkemusikkpris (1997), Sagaprisen (1997) og Gammeleng-prisen (2022).
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.