Konsert og dans
fre03feb19:30Konsert og dansAlexander Aga Røynstrand og Geir Marius Thorud
Om arrangementet
Alexander Aga Røynstrand og Geir Marius Thorud har konsert på Hardanger folkemuseum fredag 3. februar kl 19.30. Etter konserten spelar dei til dans. Geir Marius Thorud er ein aktiv folkemusikar
Om arrangementet
Alexander Aga Røynstrand og Geir Marius Thorud har konsert på Hardanger folkemuseum fredag 3. februar kl 19.30. Etter konserten spelar dei til dans.
Geir Marius Thorud er ein aktiv folkemusikar frå Sel i Gudbrandsdalen. Han trakterar fleire instrument, men er mest kjent som spelemann på trekkspel og durspel. Thorud har vore spelemann i over 20 år og har spelt mykje til dans både på festivalar, treff og andre lag. I tillegg til å vera ein dreven dansespelmann har Thorud eit stort repertoar innan folkemusikk som er egna til konsert. Han har i tillegg til å setja opp fleire eigne konsertprosjekt vore med andre musikarar på utallige konsertar og forestillingar gjennom åra. Geir Marius Thorud trakterar, forutan den heimlege musikken frå Gudbrandsdalen, musikk frå både vestlandet, Trøndelag, Nordøsterdalen- og Røros, Jämtland og Härjedalen, Dalarna og omegn, Finnskogen, samt finare flatbygdsmusikk frå austlandet.
Alexander Aga Røynstrand spelar hardingfele og kjem frå Granvin i Hardanger. Han har spelt hardingfele i 25 år og spelar i hovudsak tradisjonsmusikk frå Hardanger. Han har gjennom mange år spela til dans, underhaldt i ulike lag og spelt ei rekkje konsertar, både solo og saman med andre musikarar. Elles er han også aktiv som kappleiksdeltakar.
Saman vonar Geir Marius og Alexander å visa dei ulike kvalitetane og syna historia til runddansmusikken både på scena, i festlege lag og til dans. På Hardanger folkemuseum vert det fyrst konsert kl 19.30 og deretter dans fram til kl 22.30.
Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
3. februar 2023 19:30(GMT+00:00)
Billettsal på nett
BilettsalSjå arrangementet på Facebook
Sjekk ut!Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.