Konsert med Alexander Røynstrand
fre07feb19:30Konsert med Alexander Røynstrand
Om arrangementet
Me har gleda av å invitera til konsert med Alexander Aga Røystrand på Hardanger folkemuseum fredag 7.2.20 kl. 19:30. Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av
Om arrangementet
Me har gleda av å invitera til konsert med Alexander Aga Røystrand på Hardanger folkemuseum fredag 7.2.20 kl. 19:30.
Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet. På Landskappleiken i sommer gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal. Alexander er solid forankra i den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og kjent for ei framifrå formidlingsevne. Han spelar gamle og og nye slåtter.
Kafé med sal av forfriskningar.
NB! Merk at ferjo no går frå Kinsarvik klokka 18:25 på fredager, og attende frå Utne 22:05.
Velkomne!
Billettar kr. 200/180.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Foto: Knut Utler
Tid
7. februar 2020 19:30(GMT+00:00)
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.