Konsert med Alexander Røynstrand
tors16jan13:29tors13:29Konsert med Alexander Røynstrand
Om arrangementet
Me har gleda av å invitera til konsert med Alexander Aga Røystrand på Hardanger folkemuseum fredag 7.2.20 kl. 19:30. Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av
Om arrangementet
Me har gleda av å invitera til konsert med Alexander Aga Røystrand på Hardanger folkemuseum fredag 7.2.20 kl. 19:30.
Alexander Aga Røynstrand har dei siste åra markert seg som ein av dei aller fremste utøverane på hardingfele i landet. På Landskappleiken i sommer gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele, og vann med det kongepokal. Alexander er solid forankra i den rike folkemusikktradisjonen i Hardanger, og kjent for ei framifrå formidlingsevne. Han spelar gamle og nye slåttar.
Kafé med sal av forfriskningar.
NB! Merk at ferja no går frå Kinsarvik klokka 18:25 på fredagar, og attende frå Utne 22:05.
Velkomne!
Billettar kr. 200/180.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
(Torsdag) 13:29 - 13:29(GMT+00:00)
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
Boklansering
For familien
Konsert
Kunst og kultur
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdemuseum
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
lau21sep12:00lau19:00Open kafé og bruktmarked
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet. Me
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet.
Me har litt is som me sel til halv pris, kaker og kaffi, og elles fine ting i museumsbutikken: Nyttige og fine ting i tre, laga i Hardanger og på Voss, bruksvarer i kjeramikk laga i Bergen, fine gamle plakatar, og sjølvsagt bøker. Riddarrommet med prinsessekjolar og riddarkostymer vil óg være ope.
I Asbjørnsløa blir det eit eksklusivt bruktmarked. Her vert det seldt utvalde skattar denne ettermiddagen.
Kl. 17:00 blir det lansering av boka ATTRÅ om kunsten til Lars Korff Lofthus. Sjå eige arrangement.
Håpar me sjåast.