Kjetil Mulelid Trio
fre16okt20:00Kjetil Mulelid TrioFredagsjazz
Om arrangementet
Fekk du med deg konserten med Wako & Oslo Strings hausten 2019? No har du sjansen å høyra pianist Kjetil Mulelid frå Wako igjen – med eigen trio. Hald av
Om arrangementet
Fekk du med deg konserten med Wako & Oslo Strings hausten 2019? No har du sjansen å høyra pianist Kjetil Mulelid frå Wako igjen – med eigen trio.
Hald av fredag 16. oktober kl 20 for gode jazzopplevingar!
Kjetil A. Mulelid – piano
Bjørn Marius Hegge – kontrabass
Andreas Winther – trommer
Kjetil Mulelid Trio slapp debutplata si “Not Nearly Enough to Buy a House” i 2017 på det prestisjetunge norske plateselskapet Rune Grammofon.
Dei har sidan markert seg som nokre av dei fremste jazzmusikarane i Noreg, med aktiv konsertverksemd i større delar av Europa.
Det kritikarroste oppfølgar-albumet “What You Thought Was Home” vart utgjeve på same selskap i 2019. Albumet har gjort seg bemerka på straumetenester og har vorte hylla av media frå heile verda.
Trioen har vore svært positivt omtalt i magasin som The Wire og The New York City Jazz Record – og albumet vart omtalt som “Best of the year” på den britiske radiokanalen Jazz FM.
Dei tre medlemene er utan tvil nokre av dei mest interessante jazzmusikararne her til lands:
Pianist Kjetil Mulelid er kjend frå spananade prosjekt som Kjemilie og tidlegare nemnde Wako, medan trommeslagaren og bassisten er høvesvis nominert til/vinnar av Spellemansprisen gjennom andre prosjekt.
Saman dannar dei klassisk akustisk pianotrio med fokus på Mulelid sine energiske og harmonisk rike komposisjonar med vakre melodiar og komplekse rytmar. Trioen formidlar kjensla av ro og ein utfaldande tekstur og lydverd gjennom musikken sin. Samtidig presterar dei eit tett samspel kor improvisasjon tek musikken vidare til eit knutepunkt mellom dei tre musikarane sine ulike musikalske erfaringar.
Tid
16. oktober 2020 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.