Husmann
lau17okt18:30lau20:00HusmannMusikkteater
Om arrangementet
HUSMANN er eit tingingsverk laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Urframføringa der 13. juli 2019 vart ein stor suksess – og grunna korona vert dette fyrste gong Husmann framførast siden
Om arrangementet
HUSMANN er eit tingingsverk laga til husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik. Urframføringa der 13. juli 2019 vart ein stor suksess – og grunna korona vert dette fyrste gong Husmann framførast siden premieren.
Husmann er eit musikkteater. Manus er skrive av den prislønna forfattaren Ruth Lillegraven frå Granvin, og musikken er komponert av Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim.
Rannveig Djønne frå Djønno i Ullensvang spelar toradar, og Annlaug Børsheim frå Ulvik er på feler, song og gitar. Saman med dei på scena står dei røynde og dyktige skodespelarane Morten Svartveit frå Voss og Kjærsti Odden Skjeldal frå Fredrikstad, og folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik.
Manuset er skrive med inspirasjon frå husmannslivet i Hardanger og
musikken henta inspirasjon frå tradisjonsmusikken.
Velkomne til ei flott oppleving!
Framsyninga “Husmann” er utarbeida med stønad frå:
Norsk Kulturråd
Hordaland Fylkeskommune
TONO
Fond for utøvende kunstnere
Haldor O. Opedal sitt fond.
Begrensa antal plassar. Billettar kr. 350,-. Billettar må førehandstingast. Lenkje til ticketco: https://hardangerfolkemuseum.ticketco.events/no/nb/e/konsert_husmann_og_utstillingsopning_et_underlig_fenomen
Ta elles kontakt på post@hvm.museum.no.
Før framsyninga vert det opning av kunstutstillinga Utsikt fra Utne av kunstnaren An Doan Nguyen (sjå eige arrangement). Opninga er inkludert i billett til Husmann.
Tid
17. oktober 2020 18:30 - 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KjøpSjå arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.