Hildo
Om arrangementet
Oppdatert info 6. nov kl 19.30: Hildo går som planlagt i laurdag kveld. Kabuso har nummerte, fastmonterte seter og følgjer dei generelle smittevernråda. Vel møtt til ei trygg konsertoppleving! ***** Berit Opheim –
Om arrangementet
Oppdatert info 6. nov kl 19.30:
Hildo går som planlagt i laurdag kveld.
Kabuso har nummerte, fastmonterte seter og følgjer dei generelle smittevernråda.
Vel møtt til ei trygg konsertoppleving!
*****
Berit Opheim – vokal
Tore Brunborg – saksofon
Stein Urheim – strengar
Steinar Raknes – bass
Kåre Opheim – trommer
Laurdagskvelden 7. november kl 18 kan du benka deg i konsertsalen og tilbringa kvelden i god lagt med Berit Opheim og nokre av landets grommaste musikarar.
Om konserten:
“Hildo” heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanleg fine og sterke klang.
Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokka, og vossingene var dumme nok til å seia ja.
Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokka på havsens botn den dag i dag.
Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde premiere på Vossa Jazz 2018.
Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger
– og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema.
Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gang når det kjem til klang og styrke.
Hildo vart nominert til Musikkritikerprisen 2018 og kom ut i plateform november 2019 til strålande kritikkar.
Mellom anna gav Petter Lønningen i Bergens Tidende terningkast 6, omtalte albumet som magisk og plasserte det som eit av årets beste album.
I samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Den Musikalske Stamvegen
Tid
7. November 2020 18:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
>>> KJØPSjå arrangementet på Facebook
>>> Sjekk utProgram
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.