– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Helgekurs: Smøyg og svartsaum

lau07okt(okt 7)09:30sun08(okt 8)17:00Helgekurs: Smøyg og svartsaumtil bringklut eller skjortesaum

Om arrangementet

Lær å sy svartsaum og smøyg

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til hardangerbunaden. På dette kurset får du læra å sy smøyg. Ein vel sjølv om ein vil sy bringklut, belte, eller svartsaum til skjorte eller kaps.

Smøyg er ein svært gamal broderiteknikk, som i utsjånad liknar på veving. Den har vore mykje nytta på bringklutar og belte, og er førebiletet til dei vevde bringklutane mange nyttar i dag. Smøyg har og vore nytta på skjortekragar og på kaps, då som svartsaum.

Kurslærar er konservator på Norsk folkemuseum, Kari-Anne Pedersen. Ho har mellom anna jobba mykje med broderi på skjorter frå Telemark, som har svært forseggjorte smøygbroderi.

Tidspunkt og påmelding

Kurset vert laurdag 7. og sundag 8. oktober, på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17 kvar dag.

Påmelding til post@hvm.museum.no / tlf 474 79 884 innan 15. september

Andre tidspunkt kan og avtalast, me arrangerer kurs for grupper heile året.

Ved færre enn 4 påmeldte deltakarar kan kurset verta avlyst.

Prisar

3200,- pr kurs for medlemmar i Folgefonn/Norges husflidslag.

3700,- pr kurs for ikkje-medlemmar

Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Overnatting

Museet har avtale med Utne hotell, som ligg rett ved museet. Deltakarar på kursa får 10% rabatt på overnatting her. Ta gjerne direkte kontakt med hotellet på reception@utnehotel.no og skriv at du skal på kurs. Overnattinga på hotellet inkluderer frukost og femrettars middag. Sjå også utnehotel.no

Det er og råd å finna overnatting gjennom t.d. Airbnb.

For spørsmål og meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98, agnete.sivertsen@hvm.museum.no

Andre kurs finn du her

Tid

7 (Laurdag) 09:30 - 8 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)