– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Frukost med Fryd

sun09jun10:00Frukost med FrydHardingtonar10:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Som ein del av festivalen Hardingtonar kan du nyta ein heilt spesiell frukost i Kabuso-kafeen, sundag 9. juni frå kl 10.
Vakre tonar frå damekoret FRYD frå Kvam kulturskule står sentralt.

Program:
Kl 10: Frukost startar
Kl 11: Konsertstart

Koret består av 20+ damer som må kunne seiast å vera amatørar, men som under dirigent Anne Cathrine Eiken si stødige leiing gjev deg ei flott songoppleving som høyrer våren og sommaren til.
Det blir ei lett blanding av svenska visor og songar med vårleg stemning, samt tradisjonelle songar og bånsullar.
Så sikra deg ein kopp kaffi og vakn opp med FRYD!

Du kan sjølvsagt eta sundagsfrukosten din heime, men om du vil kan du ta han i Kabuso frå kl 10.

På frukostmenyen: 
* Bagel med kremost, salat , røykelaks eller spekeskinke.
* Spildemost
* Fruktbeger

Tid

(Sundag) 10:00(GMT+00:00)

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJØP