– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Hardingfele med Svein Laingen Kjerland

fre01jul12:30sun31(jul 31)15:00Hardingfele med Svein Laingen KjerlandMinikonsertar i juli

Om arrangementet

I heile juli har me solokonsertar med den unge, dyktige felespelaren Svein Laingen Kjerland på Hardanger folkemuseum. Konsertane er inkluderte i inngangsbilletten til museet og finn stad på loftet ved kaféen.

Konsertar:
Onsdag: 12:30, 13:30 og 14:30
Torsdag: 12:30, 13:30 og 14:30
Fredagar: 14:45
Laurdagar: 14:45

Svein Laingen Kjerland kjem frå Granvin, og har utdanninga si frå Rauland. Han er ein dyktig hardingfelespelar, aktiv som solist, i grupper og spelemannslag, som brenn for formidling av folkemusikk og folkekultur, Me er veldig glade for å ha Svein til å spela konsertar i juli!

Svein spelar og i Agatunet fredagar og laudagar i juli klokka 12:15 og 13:00, og på Skredhaugen på Lofthus kvar sundag i juli – klokka 13:15, 14;15 og 15:15.

Konsertane er arrangert av Hardingfela.no

Tid

1 (Fredag) 12:30 - 31 (Sundag) 15:00(GMT+00:00)