Har du sett nokon gamal kjerring?
sun11des17:00sun17:45Har du sett nokon gamal kjerring?Songførestilling
Om arrangementet
Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bittelite kongerike. Dei hadde ein katt, ein hane, ein stor frukthage, og så hadde dei ni ungar.
Om arrangementet
Det var ein gong ein konge og ei dronning som budde i eit bittelite kongerike. Dei hadde ein katt, ein hane, ein stor frukthage, og så hadde dei ni ungar. Ein dag fekk ungane dela frukthagen mellom seg, men då gløymde dei minstesyster si, så ho berre fekk eitt einaste lite tre. Brått ein dag kom det ein gamal kjerring…
Med utgangspunkt i eventyret “Epletreet til den minste prinsessa”, har Astri Sundmann og Kari Finne Sognnæs laga ei song- og forteljeførestilling. Songane som vert brukte er stort sett lokale folketonar, der ungane får vera deltakande.
“Har du sett nokon gamal kjerring?” handlar om venskap, og verdien av å dela med dei rundt seg.
Medverkande:
Astri Sudmann – forteljing og song
Kari Finne Sognnæs – song og rytmeinstrument.
Billettar:
Vaksne: 100,- / Born: 50,- Billettar kjøpast i kafén, som er ope frå klokka 14.
NB! Forestillinga vert halde i løa – kle dykk godt (uteklede).
Førestillinga vert arrangert i samarbeid med Hardingfela.no
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.