NY DATO: Gamaltnymalt Høgemo / Moldestad / Mjølsnes
ons12mai19:30NY DATO: Gamaltnymalt Høgemo / Moldestad / MjølsnesKonsert
Om arrangementet
Konsert på Hardanger folkemuseum, onsdag 12. mai kl 19.30 Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår! Trioen som hadde sin oppvekst på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg
Om arrangementet
Konsert på Hardanger folkemuseum, onsdag 12. mai kl 19.30
Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår! Trioen som hadde sin oppvekst på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg på whiskymarinert pipetobakk og napoleonskake i pausane, er tilbake med nye tonar. Like intense, mørke og rå som den gong dei fekk Spellemannsprisen for si første ( og til no, einaste) plate. Dei er alle veletablerte musikarar: Håkon Høgemo er ein av våre fremste hardingfeleutøvarar. Kjend for mange frå gruppa Utla med Karl Seglem og elles som soloutøvar og viktig læremeister for mange. Sigrid Moldestad er kjend for både sine soloplater, sitt band og frå teaterscena, medan Einar Mjølsnes er tidlegare fylkesmusikar i Hordaland og har spelt på tallause plater og prosjekt i si karriere. Saman danna dei ein trio med 5-strengs hardingfeler, inspirert av den gamle hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som starta sitt samspel tidleg på 1930-talet.
VestaFolk – ‘folkemusikk på turné med Førdefestivalen’, er eit nytt turnéinitiativ for å få meir folkemusikk ut til folket. VestaFolk 2021 har økonomisk støtte frå Vestland fylkeskommune.
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Foto: Oddleiv Apneseth
Tid
12. mai 2021 19:30(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.