Avlyst: Front! Front
tors23apr20:00Avlyst: Front! FrontSoul/Jazz
Om arrangementet
CECILIE GRUNDT saksofon CHRISTIAN CUADRA saksofon TORE HODNELAND gitar DAVID ANDERSSON bass ÅSMUND SMIDT trommer Front!Front er lyden av enkle og lyriske melodiar som tar rennefart inn i frijazzen frå sekstitalet.
Om arrangementet
CECILIE GRUNDT saksofon
CHRISTIAN CUADRA saksofon
TORE HODNELAND gitar
DAVID ANDERSSON bass
ÅSMUND SMIDT trommer
Front!Front er lyden av enkle og lyriske melodiar som tar rennefart inn i frijazzen frå sekstitalet.
Med seks sterke personlegdomar i bandet brukar gruppa friksjonen dette skapar til å laga eit svært så variert lydlandskap, der det skjøre møter det brutale i ein uvanleg leiken og spontan kvintett.
Gjengen har bakgrunn frå Jazzlinja i Trondheim, og kjem med ein kombinert teknikk og musikalitet som får lyttaren ytst på stolkanten.
Energisk, humørfylt og telepatisk samspelt!
Tid
23. April 2020 20:00(GMT+00:00)
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.