Føredrag om Landslova og Bleiediplomet
sun26mai14:0015:00Føredrag om Landslova og BleiediplometJørn Øyrehagen Sunde
Om arrangementet
26. mai 1293 var det ført sak og inngått forlik i Lagmannsstova, hjå lagmann Sigurd Brynjulvsson. Bleiediplomet er det nedteikna forliket i tvisten mellom bønder på Indre og Ytre Bleie
Om arrangementet
26. mai 1293 var det ført sak og inngått forlik i Lagmannsstova, hjå lagmann Sigurd Brynjulvsson. Bleiediplomet er det nedteikna forliket i tvisten mellom bønder på Indre og Ytre Bleie om mellom anna gjerdehald, beiterett og fordeling av legd.
Loven det vart dømt etter i saka var Landslova av 1274, Noregs fyrste riksdekkande lovbok, som vart gjeve berre 19 år tidlegare. Herren til Aga, riddaren Sigurd Brynjulvsson, var ein av kring 16 lagmenn i Noreg på denne tida.
I 2024 er det 750 år sidan me fekk Landslova – ei oppsiktsvekkande lovbok som skulle stå seg i meir enn 400 år – og dette markerast med ei rekkje arrangement over heile landet.
Landslova av 1274 var ei av berre fire riksdekkjande lovbøker som vart gjevne i europeisk mellomalder. Det gjer den til eit storverk i seg sjølv. Men Landslova var den fyrste av desse lovbøkene som vart brukt i praksis. Det gjer den ikkje bare til eit dokument som viser ein politisk ambisjon, men som faktisk viser retten i samfunnet etter 1274. Bleiediplomet er det fyrste fullstendige dokumentet som er bevart som viser norsk rettspraksis, og gjennom det kan ein sjå korleis fleire av Landslova sine reglar vart brukt i denne konflikten som vart tatt til lagmann Sigrud Brynjulvsson på Aga og løyst der.
Me er særs glade for å kunne invitere til eit føredrag om Bleiediplomet, og Landslova, med Jørn Øyrehagen Sunde denne dagen, på same plass som saka vart ført 26. mai 1293!
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i norsk rettshistorie ved UiO. I 10 år har han leia det store forsknings- og formidlingsprosjektet Landslovprosjektet 2014-2024, og han har mellom anna nyleg gjeve ut den kritikarroste boka “Kongen, lova og landet” – om kong Magnus Lagabøte og lovboka som vert omtala som eit fundament for norsk rett, politikk og samfunn. Han var og omvisar i Agatunet i sin ungdom!
Øyrehagen Sunde er ein heilt usedvanleg god og engasjerande formidlar, og me kan lova dykk ein spanande, innsiktsfull og lærerik stund i Lagmannsstova denne dagen.
Velkomen til eit føredrag om eit heilt spesielt dokument, dømt etter ein heilt spesiell lov, på ein heilt spesiell stad!
Billettar: 100/90. Vert tilgjengeleg via Ticketco. Kjøp billettar via Ticketco her
Foredraget er ein del av Agatunet sine arrangement i høve Landslovsjubileet. Seinare i år – den 21.6 – opnar me ei utstilling om eigedomstilhøve i Landslova, om odel, jordskifte og frukthagar – emne som både i mellomalderen og samtida er viktige for vår region. Fleire føredrag vert det og til hausten. Vårt jubileumsprosjekt har fått finansiell støtte av Vestland fylkeskommune, Ullensvang kommune og Sparebanken Vest.
Billettsal på nett
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.