– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

mars 2020

tors12mar19:00tors23:00AVLYST - Føredrag og kveldskaféTema: Kalk!19:00 - 23:00

Om arrangementet

ME VEL Å AVLYSA DETTE ARRANGEMENTET AV SMITTEVERNOMSYN.

I høve kalkbrenninga 9-13.3.20 (sjå eige arrangement) har me gleda av å invitera til samkome med føredrag og ope kafé torsdag 12.3.13, når sjølve brenninga avsluttast.

Føredraga vert halde i Johansstova.

Klokka 19 : Tore Granmo.
Murarmeister og tradisjonshandverker Tore Granmo fortel om sine erfaringar med å driva som sjølvstendig næringsdrivande med tradisjonshandverk, og særleg om sitt arbeid med kalk – både arbeid med omnsbygging og kalkmørtel. Tore Granmo har mellom anna bygga kalkomn for Domkirkeodden på Hamar.

Klokka 20: Chris Pennock.
Murar frå Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider, Chris Pennock, som i fleire omganger har vore i Agatunet og leia og delteke i kalkarbeidet her, om kalkprosjektet i Agatunet i nasjonal og internasjonal samanheng.

Det vert ope kafé med sal av forfriskningar.
Me avsluttar klokka 23 ved omnen.

Velkomne!

Tid

(Torsdag) 19:00 - 23:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

X