Flukten
Om arrangementet
MARIUS KLOVNING gitar HANS HULBÆKMO trommer KARL HJALMAR NYBERG saksofon BÁRÐUR REINERT POULSEN kontrabass Flukten vart til under den mykje omtalte nedstenginga i mars 2020. Dei fire musikarane møttest
Om arrangementet
MARIUS KLOVNING gitar
HANS HULBÆKMO trommer
KARL HJALMAR NYBERG saksofon
BÁRÐUR REINERT POULSEN kontrabass
Flukten vart til under den mykje omtalte nedstenginga i mars 2020. Dei fire musikarane møttest vekentleg og laga sin eigen musikalske fristad med ein einaste agenda; å skapa musikk saman der og då. Resultatet vart eit kruttsterkt heksebrygg som boblar over av speleglede og leikenheit.
Blant Flukten sine inspirasjonskjelder kan velkjente navn som Paul Motian, Joe Lovano og Bill Frisell nemnast, men bandet har i løpet av kort tid opparbeidd seg sitt eige sterke uttrykk der improvisasjon og spontane innfall står i høgsetet. I september kjem debutplata på Odin Records, og bandet dreg på releaseturné, mellom anna til Kabuso!
Flukten er sett saman av musikarar som har gjort seg bemerka på den norske jazzscenen i band som Hanna Paulsberg Concept, Atomic, Moskus, GURLS, Wako, Espen Berg Trio, Skadedyr og Trondheim Jazzorkester.
Etter debutkonserten i juli 2020 skreiv anmeldarane blant anna:
«Musikken svever. Flukten flyr. Begeistringen i salen gir ekstranummer, og jeg for min del har allerede begynt å glede meg til album.»
– Arild R. Andersen for JazziNorge
«Om det er noen band-debuter som virkelig har satt merker i sjel og hjerte er det denne»
– Johan Hauknes for Salt peanuts
Tid
21. oktober 2021 19:00(GMT+00:00)
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.