– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Durspelkonsert

mån30okt19:00DurspelkonsertSilje Storhei, Amalie Tvilde og Anita Bråvoll19:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Opplev alle dei tre lokale durspeledamene Silje Skare Storhei, Amalie Kinsarvik Tvilde og Anita Solheim Bråvoll i ein og same konsert!

Dei tre durspelarane frå Hardanger ynskjer å skape blest om durspelet og byr denne kvelden på eit variert program med både samspel og solospel. Det er eit godt aldersspenn mellom dei tre utøvarane, og dei er alle på ulike stadier i si utøvande virksomhet og grad av utdanning.

Gjest på scenen denne kvelden: Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes, hardingfele

Silje Skar Storhei, 14 år, busett i Kvalvik. Elev i Ullensvang Kulturskule. Byrja å ta timar i kulturskulen då ho var 5 år. Debuterte i solist junior på Landsfestivalen i sommar med ein knallsterk 4. plass.

Amalie Kinsarvik Tvilde, frå Kinsarvik, busett i Oslo. Gjekk Landslinja i folkemusikk på Vinstra Vidaregåande skule, og har, som den fyrste i Noreg nokonsinne, nettopp fullført sin bachelor på NMH med durspel som hovudinstrument. Byrja å spela toradar i Ullensvang Kulturskule då ho var 8 år. Er no frilans musikar.

Anita Solheim Bråvoll, busett i Kinsarvik, frå Andebu i Vestfold. Har ikkje formell utdanning i folkemusikk, men har spela toradar sidan ho var 9 år. Har vært lærar på durspel i Ullensvang Kulturskule i nesten 20 år. Gav i 2022 ut soloalbumet «Dansær himmætte» med folkemusikk frå Vestfold.

Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd. Denne konserten er støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Billettsal på nett, restbillettar i døra

Bilettsal

Sjå arrangementet på Facebook

Sjekk ut!