Ola Bremnes
sun01sep18:00Ola BremnesPop/Viser
Om arrangementet
Sundagkveld med Ola Bremnes – kva kan passa betre? Hald av sundag 1. september, konsertstart kl 18. Ola Bremnes – vokal Tore Bruvoll – gitar Gjermund Silset –
Om arrangementet
Tore Bruvoll – gitar
Gjermund Silset – bass
Folkekjære Ola Bremnes kjem med nytt album våren 2024. I samband med dette tek han ein liten konsertrunde m.a. til oss i Øystese.
Med seg har han to briljante musikarar; Gjermund Silset og Tore Bruvoll.
Det nye albumet er kalla Det som gjør at grønt e grønt. Her finst betraktningar om livets viderverdigheiter.
Veivalg og vår, kjærleik og blinkande lys. Kor ting eigentleg finn stad.
Bremnes er elles mannen bak songar som Har du fyr og Mi pia, din gutt.
Han har ein rikhaldig katalog å ausa frå. Nytt og gamalt, kjent og ukjent vert miksa i til ei herleg musikalsk trollmannsgryte i denne konserten.
Kraftig krydra av musikarar som Bremnes har spelt saman med i mange år.
Her vert det servert samspel av ypparste klasse, ispedd lun humor og sterke historiar, både til å grina og le av.
Eg skriv om det som berørar meg, sier Ola. Då kan det henda at publikum også blir berørt.
Kabuso inviterer til ein STOR kveld med desse tre karane. Her er det berre skaffa seg billettar, hiva seg i kalosjane og ta sete i salen!
Tid
1. September 2024 18:00(GMT+02:00)
Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.