Bornas Kabuso: Peter Pan
lau11mai12:00Bornas Kabuso: Peter PanFilm
Om arrangementet
Bli med Peter Pan, Tingeling og venene deira på ei fantastisk reise frå den glitrande stjernehimmelen over London og heile vegen til det fantastiske Drømmeland – ei verd av spenning,
Om arrangementet
Bli med Peter Pan, Tingeling og venene deira på ei fantastisk reise frå den glitrande stjernehimmelen over London og heile vegen til det fantastiske Drømmeland – ei verd av spenning, magi, havfruer og grufulle piratar. Peter Pan er historia om den fantastiske, flygande guten som aldri vil bli vaksen.
Lengd 1 t. 16 min.
Papir og blyantar ligg klare på teiknebordet etter filmen.
Bornas Kabuso kunst- og filmklubb er eit månadleg tilbod til born i Kabuso. Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2019. Vaksne går gratis i følge med born. Inga aldersgrense, inga påmelding. Passar for alle.
Tid
11. mai 2019 12:00(GMT+00:00)
Sjå arrangementet på Facebook
>>>Program
lau10mai11:00lau17:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.