Bornas Kabuso
lau12des12:0015:00Bornas KabusoJulefilmdag
Om arrangementet
Bli med på julefilmdag med Bornas Kabuso – laurdag 12. desember! Merk at det er to ulike filmar å velja i. >>> Påmelding her Program: Kl. 12: Mikkes magiske jul: Det er
Om arrangementet
Bli med på julefilmdag med Bornas Kabuso – laurdag 12. desember! Merk at det er to ulike filmar å velja i.
Program:
- Kl. 12: Mikkes magiske jul: Det er jul og Mikke har invitert Donald, Minnie, Pinocchio, Skjønnheten og Udyret, Askepott, Snipp og Snapp, Ole Brumm, Aladdin og alle dei andre venene sine til julefest i musehuset. Tillatt for alle.
- Kl. 13.30: Et førjulsmareritt: Graskarkongen Jack Skellington lev i den dystre Halloweentown i underverda. Ein dag oppdagar han Christmastown, ei fargerik og lykkeleg verd. Han vert misunneleg og planlegg å kidnappa julenissen. Aldersgrense 6 år.
Inngang: 50,- (ikkje-medlem). Gratis for medlemmer og vaksne
Bornas Kabuso kunst- og filmklubb:
Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2020.
I år utvidar me tilbodet, viser filmar for ulike målgrupper og lagar fleire aktivitetar.
Tid
12. desember 2020 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Billettsal
>>> Klikk her
Sjå arrangementet på Facebook
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.