Blått skilt
lau13jun15:0017:00Blått skiltavduking
Om arrangementet
Velkomen til ope tun i Agatunet og avduking av Blått skilt! Laurdag 13. juni kl. 15 feirar me at Agatunet vert tildelt Blått skilt frå Fortidsminneforeningen. Dette
Om arrangementet
Velkomen til ope tun i Agatunet og avduking av Blått skilt!
Laurdag 13. juni kl. 15 feirar me at Agatunet vert tildelt Blått skilt frå Fortidsminneforeningen. Dette vil me markere saman med dykk, med gode smakar og vakker musikk i tunet.
Me serverer kaffi, kaker og lokal eplesaft. Det vert musikalske innslag ved Alexander Aga Røynstrand og Nå musikklag.
Ta med familie og vener og bli med på ei hyggeleg stund i tunet. Vel møtt!
Blått skilt
Blå skilt er informasjonsskilt, eller plakettar, som vert sett på bygningar eller ved offentlege stader av kulturhistorisk tydning, for å informera om viktige personar eller hendingar. Ordninga vart etablert i Norge av Selskabet for Oslo Byes Vel mot slutten av 1980-åra, etter modell av blå plakett-ordninga i England. Skilta er koboltblå emaljeskilt med kulturhistorisk tekst, som ein finn på ei rekkje viktige bygg. No er turen komen til Agatunet.

Agatunet held ope frå kl 11 denne dagen. Kafeen er også ope.
Sjå arrangementet på Facebook
Program
Dato