– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bare Egil band

lau10feb20:00Bare Egil band20:00(GMT+00:00)

Om arrangementet

Bare Egil Band, det legendariske einmannsbandet til Egil Hegerberg, inntar scenen i Kabuso 10. februar kl 20.
Når Bare Egil band kjem til Øystese er det del av ein ny soloturne som startar i Ogna og vert avslutta i Tomrefjord. Her er det altså landets aller største byar og tettstadar som vert besøkte.
Bortimot 12 stadar over heile landet står på turnelista.
Me vil få servert nokre av Bare Egil bands største hits, samt nye låtar frå dei komande platene Endelig, Den syngende rettsreferent og Norge på kryss og tvers volum 6.

Bare Egil band er kjend for si humoristiske og ironiske tilnærming for musikk, med tekstar som spenner frå det absurde til det politiske. Han har gitt ut eit titals studioalbum sidan debuten i 1996, og har hatt fleire hitar som Tagging, Bæsj i skjegget og Arne går mot døra.
Han har også vore medlem av band som Gartnerlosjen, Hurra Torpedo og Black Debbath og er kjend frå TV gjennom sine hyppige framføringar i program som Brille, Nytt på nytt og Kongen befaler.
Bare Egil Band lovar ei variert konsertoppleving. Dette er ei grov overdriving!
Det blir som vanleg akustisk gitarspel og ein songstil som spenner frå mumlesynging til skriking. Men underhaldande blir det!
Ganske!

Billettar i sal frå fredag 3. november kl 9

_______

FAQ

  • Plassbillett? Nei, ikkje for dette arrangementet
  • Open bar/kafe før/etter konsert: Ja
  • Må eg stasa meg opp meg for konsert i Kabuso? Nei

Tid

(Laurdag) 20:00(GMT+00:00)

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJØP