Det er eit repeterande arrangement9. juli 2021 12:00
Bakstedagar og husflids- tradisjonar på Mølstertunet
fre02jul12:0015:00Bakstedagar og husflids- tradisjonar på Mølstertunet
Om arrangementet
Lenge sidan du har smaka nysteikte flatbrød og krotakaker? Fredagar i juli er Voss bygdekvinnelag i sving på Mølstertunet. Kom opp og kjøp med deg fersk bakst. (Dei er populære
Om arrangementet
Lenge sidan du har smaka nysteikte flatbrød og krotakaker?
Fredagar i juli er Voss bygdekvinnelag i sving på Mølstertunet. Kom opp og kjøp med deg fersk bakst. (Dei er populære så max to kaker per pers).
I år stiller også Voss husflidslag desse fredagane. Dei vil demonstrere og dele kunnskap om ulike tradisjonelle handverksteknikkar.
Tid
2. juli 2021 12:00 - 15:00(GMT+00:00)
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.