Handverksdemonstrasjon


Handverk på nært hald
Baking av krotakaker finn sted i bakstekjellaren kvar fredag føremiddag i skuleferien. Meir info om det finn du her: Krotakakebaking.
Når me gjennomførar restaureringsprosjekt i Agatunet er det alltid høve for interesserte å komma og sjå, ofte inviterast det og til kurs i samband med arbeidet. Desse kursa finn du i programmet, og elles ligg meir informasjon om eventuelt nærståande kurs på denne sida: Bygningsvern og restaurering.
Om de er ein gruppe som har særskilt hug til å sjå gamle handverksteknikker (og anna enn det som er nemt over), ta kontakt med oss, så finn me eit opplegg som høver dykk.