– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bygningsvern og restaurering

Eit freda kulturminne

Agatunet er eit freda kulturminne, og eit autentisk tun – ikkje ei bygningssamling.

Nokre hus som var del av det opprinnelege tunet er i privat eige, men den sentrale delen av det store fellestunet vart ekspropriert i samband med jordskifte og freding 1938, og eigast i dag av Stiftelsen Agatunet. Denne delen driftast av Hardanger og Voss museum. Me har 30 hus, som alle har trong for vedlikehald, restaurering og sikring.

 

Det er eit omfattande arbeid å halda 30 bygga i god stand, slik at dei vert bevarte for ettertida. Takka vere midlar frå mellom anna Riksantikvaren, fylkeskommunen, og fleire andre bidragsytarar, og ein stor innsats med knappe ressursar, er ein komen langt i arbeidet – og har fått tunet på eit godt tilstandsnivå. Me forsøkar å halde antalet bygninger som har trong for strakstiltak lågast mogleg.

 

Dei seinare åra har ein mellom anna restaurert alle dei store løetaka, tak og kjellarmurer på Lagmannsstova, tak, kledning på fleire andre hus, fått sprinkla store delar av anlegget, og måla fleire hus.

 

Arbeid i Agatunet vert alltid gjort etter prinsipp om autentisk materiell og prosessuell restaurering, altså at ein søkjer å utføra arbeidet på same måte og med same materiale som då husa vart bygd, så langt råd er. Ein skal alltid vurdera nøye kor mykje som må skiftast ut, og lata stå att det som er mogleg av originalt materiale.

 

I Agatunet forsøker me og å i størst mogleg grad å involvera andre i restaureringsarbeidet, slik at me kan få gamal kunnskap over i nye nevar, og arrangerar difor ofte kurs i samband med restaureringsprosjekt. Me samarbeider og med lokale entreprenørar.

 

Informasjon om dei til einkvar tid aktuelle kurs finn du her, og elles i programmet.