– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bygningsvern og restaurering

Eit freda kulturminne

Agatunet er eit freda kulturminne, og eit autentisk tun – ikkje ei bygningssamling.

Nokre hus som var del av det opprinnelege tunet er i privat eige, men den sentrale delen vart ekspropriert i 1938, og eigast i dag av Stiftelsen Agatunet. Denne delen driftast av Hardanger og Voss museum. Me har 30 hus, som alle har trong for vedlikehald, restaurering og sikring.

 

Det er eit omfattande arbeid å få, og halda, dei 30 bygga i god stand, slik at dei vert bevarte for ettertida. Takka vere midlar frå mellom anna Riksantikvaren, fylkeskommunen, og fleire andre bidragsytarar, og ein stor innsats med knappe ressursar, er ein komen langt i arbeidet – og har fått tunet på eit godt tilstandsnivå. Me forsøkar å halde antalet bygninger som har trong for strakstiltak lågast mogleg.

I 2021 hadde me klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn på vitjing i samband med ei feiring av det store restaureringsarbeidet i Agatunet, der me markerte at tunet på det tidspunktet var på vedlikehaldsnivå.

 

Dei seinare åra har ein mellom anna restaurert alle dei store løetaka, tak og kjellarmurer på Lagmannsstova, tak, kledning på fleire andre hus, fått sprinkla store delar av anlegget, og måla fleire hus.

 

Arbeid i Agatunet vert alltid gjort etter prinsipp om autentisk materiell og prosessuell restaurering, altså at ein søkjer å utføra arbeidet på same måte og med same materiale som då husa vart bygd, så langt råd er. Ein skal alltid vurdera nøye kor mykje som må skiftast ut, og lata stå att det som er mogleg av originalt materiale.

 

I Agatunet forsøker me så langt det går å involvera andre i restaureringsarbeidet, så me kan få mest mogleg gammal kunnskap over i flest mogleg nye nevar, og arrangerar difor ofte kurs i samband med restaureringsprosjekt, og me samarbeider med lokale entreprenørar.

 

Informasjon om dei til einkvar tid aktuelle kurs finn du her, og elles i programmet.