– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Besøk

Velkomen!

Opningstider 2025

Frå 10. mai

Laurdag og sundag: 11:00 – 17:00

 

Frå 16. juni til 31. august

Måndag til sundag: 11:00 – 17:00

 

 

Stengt i påsken og jula. Ope Kristi Himmelfartsdag og i pinsen.

Omvisning i tunet kl. 12.30 og 14.00.

Billettar

  • Born under 16 år: Gratis
  • Enkeltbillett vaksen (over 16 år): 120,-
  • Student: 70,-
  • Sesongkort: 200,- (vaksen) / 90,- (student).
  • Grupper og turoperatører: ta kontakt for priser.

Agatunet tek i mot besøkande heile året, etter avtale og kapasitet. Grupper som ynskjer omvisingar og liknande – ta kontakt for eit tilbod!

I blant har me arrangement og kafé o.a. utanom sesong – annonserast på nettsida og i sosiale media!

Tilgjenge

Les meir om om tilgjenge i tunet på denne sida: Tilgjenge

Besøksadresse

Aga 90, 5776 Nå
Kontakt: Tlf. 474 79 902 /

Slik kjem du hit

Agatunet ligg ved fv 550, mellom Odda og Utne.
Like før Agatunnelen tek du inn på “gamlevegen” (følg skilting Agatunet).

Med bil/sykkel: Du kan koma hit via Odda, Jondal eller Utne (ferje frå Kinsarvik og Kvanndal).

Til fots/sykkel/kollektivt: Du kan reise med buss til Agatunet. Linje 980 mellom Jondal og Odda stoppar på Aga, anten like nedanfor tunet (merkt “c” i ruta), eller på “nyevegen” ca. 7 minutt til fots frå Agatunet.

Med eigen båt: Nytt GPS-koordinatane 60,4260/6,6187.
Djupvannskai: Ved naustrekkja nedanfor tunet (ca. 7 meter).
Småbåthamn med gjesteplass på Aga.
Kontaktperson: Lars Aga Reisæter tlf. +47 915 39 541

Parkering

På oppmerkt og skilta plass ca. 300 meter nord for tunet.
Me ber om at syklar vert henstilte så dei ikkje er til sjenanse.
NB! Parkeringa like nedanfor Agatunet er privat og kan ikkje nyttast.


Overnatting

Det er ikkje tilbod om overnatting i Agatunet, men det er mange moglegheitar i nærmiljøet, både hotell og privat innkvartering.

Hardanger fartøyvernsenter