– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Arbeid i Lagmannsstova 7.–17. juli

I perioden 7.–17. juli skal me i gang med oppmåling og dokumentasjon av golvet i Lagmannsstova.

I samband med dette vil Lagmannsstova vere delvis stengd. Det vil ikkje vere mogleg å gå inn i stova medan arbeidet går føre seg, men det vil framleis vere mogleg å sjå inn frå døropninga.

I fjor vart to golvbord i det øvste golvet løfta på grunn av svikt. Då vart det avdekt eit eldre golv under.

Før det øvste golvet kan bli demontert, er det viktig å dokumentere det grundig. Difor skal vi no gjennomføre oppmåling og oppteikning av golvet som ein del av det vidare bevaringsarbeidet.

 

Kanskje gøymer det seg fleire spennande detaljar under golvet?