– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utleige bunad og bruredrakt

Bunad til dame, herre og konfirmant

Hardanger folkemuseum på Utne leiger ut bunad til både kvinner og menn.
Me har bruredrakt, sylv og kruner.

Me har bunad med jakke og trøye, samt drakt med bol og belte til herre.

Me har bunad til konfirmant – både til gut og jente.

Me tilpassar kleda den som skal bere dei. Ta kontakt for prøving.

 

BRUREDRAKTA Hardanger har rike draktradisjonar. Bruredrakta er annleis enn den vanlege kvinnebunaden. Den har raud stakk med mykje pynt på og svart trøye. På trøya er det festa to livstykke med perler eller maljer på. Sylvbeltet ber ein fyrste gong som brur, likeins Agnus Dei (dalarkjede) kring halsen. Dei vakre brurekrunene har røter i Mariadyrkinga i mellomalderen.