Tradish
tors11apr19:30TradishKonsert irsk folkemusikk
Om arrangementet
Irsk folkemusikk Dansk/irske Tradish er på turne i Noreg, og spelar på Hardanger folkemuseum, torsdag 11. april kl 19.30. Tradish spelar irsk folkemusikk med moderne innslag, og har ei ope og
Om arrangementet
Irsk folkemusikk
Dansk/irske Tradish er på turne i Noreg, og spelar på Hardanger folkemuseum, torsdag 11. april kl 19.30. Tradish spelar irsk folkemusikk med moderne innslag, og har ei ope og personleg tilnærming til den tradisjonelle irske musikken. Med ei blanding av gamal og ny musikk, historieforteljing og eigne komposisjonar, viser bandet ei sterk forankring og respekt for røtene.
Tradish er:
John Pilkington: vokal, guitar, bouzouki
Louise Ring Vangsgaard: fiolin, viola, vokal
Brian Woetmann: bodhrán, perkusjon, mandolin, vokal, step
På konserten får ein høyra låtar frå bandets siste album, Handmade tales, ei samling nylaga irsk musikk på handlaga instrument av tre, strenger og geiteskinn. Tradisjonell irsk musikk har i løpet av dei siste 200 åra vekse til eit kraftfullt tre med forgreiningar, skot og spirer over heile verda. Me gler oss til å høyra Tradish.
Hjarteleg velkomne alle!
Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.
Tid
11. April 2024 19:30(GMT+00:00)
Billettsal på nett
BilettsalSjå arrangementet på Facebook
Sjekk ut!Program
No Events