Signe Førre kvartett
lau14mai18:00Signe Førre kvartettEtnojazz
Om arrangementet
Signe Førre – kontrabass, vokal Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarar Jo Asgeir Lie – trekkspel Kåre Opheim – trommer, perkusjon Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart tildelt midlar frå
Om arrangementet
Signe Førre – kontrabass, vokal
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarar
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart tildelt midlar frå Det norske komponistfond til å skrive eit tingingsverk kalla Etnojazz til Finnesloftet på Voss i 2019.
Musikken her er ei reise gjennom ulike kulturar og tidsperiodar der ho tek oss med i hennar univers der folkemusikk og jazz vert smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement på musikk frå ulike kulturar, der ho syng på alle orginalspråka!
Dette inneber serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m.
I Kabuso får du denne laurdagskvelden høyra ei videreutvikling av verket. I tillegg til Jo Asgeir Lie og Kåre Opheim, er Torbjørn Økland med på trompet og ulike strengeinstrument som bouzouki og gitarar.
Om musikarane:
Signe Førre debuterte som bandleiar allereie som 19 åring under Vossa Jazz 2014 samman med Elisabeth Lid Trøen på saksofon, Eivind Austad på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Ho har også spelt konsertar med fleire kjende namn som Andy Sheppard, Marius Neset, Laura Jurd, Zoe Rahman, Dag Arnesen m.fl. Signe Førre har i tillegg sin eigen jazztrio med Erlend Slettevoll på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Som komponist har Signe Førre skrive mykje variert musikk og hennar fyrste song nytta Andy Sheppard på turné med World Expression Band.
Torbjørn Økland er kanskje mest kjend som gitarist i Haugesunds-gruppa Vamp frå 1991 til 2014. Dei har vunnet fleire Spellemannsprisar, blant anna Årets Spellemann i 2006. Saman med Paul Hansen og Carl Øyvind Apeland, begge tidlegare Vamp- medlemmar, starta han i 2015 bandet Blest som gav ut sitt sjølvtitulerte debutalbum i 2017. Økland har vore benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar, blant anna Helene Bøksle, Grethe Svensen, Hanne Krogh, Elin Furubotn, Anne Grethe Preus, Anita Skorgan, Rein Alexander, Mikis Theodorakis, Arja Sajonma, Lillebjørn Nilsen, Bjørn Eidsvåg, Di Derre m.fl.
Jo Asgeir Lie er rektor ved Ole Bull akademiet. Han er fast medlem av gruppa Kvarts, som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. For tida samarbeidar Kvarts med Jonas Fjeld. Lie har ellers samarbeida med ei lang rekkje musikarar og ensembler som blant anna Ole Paus, Henning Kvitnes, Ragnhild Hemsing, KORK, Trondheim Solistene, Stein Torleif Bjella m.fl. Han har sjølv skrive musikk for ei rekkje ensembler og prosjekt og har i tillegg ein duo saman med Carl Petter Opsahl.
Kåre Opheim er fast medlem av gruppa Hildo og Real Ones som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. Han har deltatt på ei rekkje album og spelar fast med kjende namn som Karl Seglem og Sigrid Moldestad. Kåre Opheim er ein allsidig musikar som spelar musikk i frå mange ulike sjangrar, og har blitt benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar som Marit Larsen, Odd Nordstoga, Ole Paus, Herborg Kråkevik, Berit Opheim, Stein Urheim, Mike Gallaher m.fl.
Signe Førre Kvartett fekk strålande kritikk av Avisa Hordaland etter debutkonserten: “ei musikalsk nyting” og ei “magisk oppleving”, meinte avisa.
Bli med på ei musikalsk reise!
Tid
14. mai 2022 18:00(GMT+00:00)
Program
lau10mai11:0017:00LOV OM LANDLandslovutstillinga
Om arrangementet
Om utstillinga I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet! Landslova sto stå seg
Om arrangementet
Om utstillinga
I 2024 var det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal vart markert og jubilert over heile landet!
Landslova sto stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.
I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, sette me i 2024 opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova.
Utstillinga har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her.
Utstillinga syner og, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv.
Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret.
Agatunet var på den tida lova vart gjeve heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjulvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny.
Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og utstillinga står i ein autentiske mellomalderkjellar under gildehallen.
Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år. Du kan og sjå ei moderne utgåve av lovboka.
Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.