Ledige stillingar
Ledige stillingar
Agatunet er eit nasjonalt kulturminne med 30 freda bygningar midt i hjarta av Hardanger. Tunet er ein viktig kulturarena med lokal forankring. Me har faste opningstidar frå mai til september og er elles ope etter avtale. Me tilbyr omvisingar, faste og skiftande, aktuelle kunst- og kulturhistoriske utstillingar, konsertar, føredrag og kurs. Me har eige leikerom for born og ein sjarmerande kafe med eit utval både søtmat og saltmat, samt ein liten museumsbutikk. Me samarbeider med både frivillege og andre aktørar og tilbyr sidersmaking. Me held arrangement som møter og selskap, til dømes konfirmasjon og vigsler/bryllaup.
Stadig fleire besøkande har lagt turen innom det autentiske klyngetunet dei siste åra, og i 2023 var ca. 6100 gjester på vitjing. Agatunet ligg sentralt plassert i ein region i medvind med tyngre satsingar innan både reiseliv, siderproduksjon og teknologi. Det skjer i Hardanger!
Tunet er mellom dei få godt bevarte vestnorske klyngetuna, og inneheld det eldste kjende rettslokalet i Noreg – Lagmannsstova. Stova tilhøyrde i si tid den norske ridderen, lagmannen og riksråden Sigurd Brynjulvsson Aga (1235 – 1303). Agatunet er ein unik stad, og sentrale tema for formidlinga her er mellomalder, rettshistorie, fruktdyrking og handel, klyngetun og jordskifte, byggeskikk og bygningsvern.
Sommarvertar
Drøymer du om å bruka sommaren i eit idyllisk og autentisk klyngetun med ei spanande historie? Kanskje har du òg interesse for arkitektur og byggeskikk, rettshistorie, middelalderhistore, fruktdyrking og så vidare? Er du er glad i folk og historieforteljing, ja då vil vi ha deg som sommarvert til denne perla av eit kulturminne.
Me søker to ulike sommarvertar – kafe/resepsjon og omvisar/resepsjon:
Kafé /resepsjon arbeidsoppgåver:
- Mottaking av besøkande
- Betjening av museumsbutikk/resepsjon
- Omvisning i tun til faste tider
- Kafevakter med ansvar for enkel matlaging, reinhald og kundebehandling
- Reinhald og orden, med oppgåver knytt til opning, drift og stenging av museet
- Yte bistand ved avvikling av arrangement som t.d utstillingar, konsertar og utleige av lokala.
Omvisar/resepsjon arbeidsoppgåver
- Mottaking av besøkande
- Betjening av museumsbutikk og resepsjon
- Omvisning i tun til faste tider og til private omvisningar på norsk og engelsk
- Reinhald og orden, med oppgåver knytt til opning, drift og stenging av museet
- Yte bistand ved avvikling av arrangement som t.d utstillingar, konsertar og utleige av lokala
Me ser etter deg som:
- Er serviceinnstilt og trivst i møte med publikum
- Snakkar godt norsk og engelsk – og gjerne andre språk
- Har gode samarbeidsevner
- Er ansvarleg, sjølvstendig, pålitelig og fleksibel
- Har interesse for kulturhistorie, eller ynskjer å læra meir!
Tidlegare erfaring frå service, museum, reiseliv eller kafe er positivt, men ikkje nødvendig – full opplæring blir gitt.
Me tilbyr:
- Løn etter tariff
- Varierte arbeidsdagar der ingen dagar er like
- Arbeidserfaring med ansvar
- Kunnskap om norsk og lokal kulturhistorie
- Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffa husvære
Me har behov for ulike stillingsprosentar, og oppmodar folk i alle aldersgrupper til å søkje. Du treng ikkje kunne jobbe heile perioden for å vere aktuell.
Søknad
Søknaden må innehalde:
- Kva periode du kan arbeide innanfor 1. mai – 1. september
- Om du særleg ønskjer å jobbe i kafe/resepsjon eller omvisar/resepsjon.
Spørsmål rettast til Ingvild Hauso, tlf 90 07 82 77 /ingvild.hauso@hvm.museum.no
Søknad med CV og referansar sendast til: personal@hvm.museum.no
Søknadsfrist 22. februar 2026.