– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ingeborg Stana

Ljos og landskap

 

 

INGEBORG STANA er fødd i 1968, og bur og jobbar i Oslo. Ho arbeider i hovudsak med måleri, trykk og kortfilm. Ho er og professor ved Institutt for estetiske fag ved Oslo Met.

Stana er utdanna frå Kunsthøgskulen i Oslo (1992-1997), og har studert kunst (1991-1992), og konservering (1989-1991) i Firenze, Italia.

Ho har arbeidd med foto og film, måleri og trykk, gjerne i store format og med naturen som hovedmotiv – særleg himmel og skyar. Hennar største inspirasjonskjelde er ljos, og ho arbeidd fram stramt komponerte og lysande utsnitt av himmel og landskap.

Ho har sidan 1994 hatt ei lang rekkje utstillingar, både separat- og kollektivutstillingar, og delteke på mange filmfestivaler – alt både nasjonalt og internasjonalt. Ho var festivalkunstnar for Tromsø internasjonale filmfestival i 2006 og del av den store Kunsterliv-utstillinga ved Festspillene i Bergen i 2019. Ho er innkjøpt av mellom andre Rikshospitalet og Malmö kunstmuseum, og har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag.

Kunstnarens heimeside finn du her.

 

Utstillinga i Agatunet er ei salsutstilling, og står i perioden 13.5-27.8.23.

Frå 13.5-18.6 er opningstidene laurdagar og sundagar frå 11-17, frå 19.6 til 27.8 kvar dag 11-17.

Kunstnaren si heimeside kan du sjå her.