– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Krotakakebaking

Felicitas Aga i sitt atelier i London

Krotakake

 

Krotakaker er tradisjonskost frå Hardanger.

Baksten er runde, flate leiver det vert prega eit rutemønster i.

Dei liknar flatbrød, men er baka med gjær – noko som ikkje er vanleg for lefsebakst. Dei er i hovudsak laga av rugmjøl, med litt kveite. Krotakakene vert ete til både salt- og søtmat, og kan etast turre, ellere oppbløytte – slik at dei vert mjuke.

Dei vert steikte på bakstehelle i vedfyrt omn, og i tidlegare tidar hadde dei gjerne ein bakedag i halvåret, der ein samlast og bakte store mengder, som vart lagde i la i store trekasser, og skulle rekke til neste bakedag.

Kvar fredag i skuleferien bakar Vikebygd og Aga bygdekvinnelag krotakaker i bakstekjellaren.  Her kan du både sjå dei røynde bakstekonene i aksjon, få smake ein bete, og kjøpa med deg nybaka krotakaker heim.