Jubileumsutstilling
30 år med kunstgruppa
Den frivillege kunstgruppa jubilerar!
Kunstgruppa har sett opp kunstutstillingar i Agatunet kvar sommar sidan 1992 – og feirar dermed 30 år i år!
Jubileet markerast med ei utstillinga av samtlege plakatar som har vorte laga til utstillingane gjennom 30 år. Den vert sett opp på høyloftet i Asbjørnsløo (adkomst via låvebrua).
Utstillinga opnar tysdag 31. mai klokka 18.
Det vert ei tale ved kunstgruppa og enkel servering.
Me oppmodar spesielt folk som kunne tenka seg å delta i kunstgruppa og det kjekke arbeidet med å presentera spanande kunst til å koma!
Kunstgruppa har trong for rekruttering, og dette er eit triveleg og gjevande arbeid å vera med på – ikkje er det spesielt krevjande heller.
Kunstgruppa samarbeider tett med administrasjon og formidlingsleiar ved museet.
Gratis inngang
Utstillinga står til 4. september, men vil vera tilgjengeleg ved arrangement utover hausten.