Arrangementstype Utstilling
desember

Om arrangementet
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan. Utstillingsperiode:
Om arrangementet
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsperiode: 7. oktober-30. desember. Merk at 28. oktober vert ikkje filmane til Per Dybvig og Tord Torpe vist grunna arrangement i konsertsalen.
Om utstillinga:
I Handboren og veggfast ynskjer Kabuso å sjå nærare på analoge medium som kunstnarbøker, animasjonsfilmar, teikneseriar og veggteikningar. Me søkjer å vise nokre få av moglegheitene som ligg i materialet, i teikninga og kunstnarboka sitt store mangfald. Samstundes vil me strekkje opp eit spenn mellom det vesle (handborne) og det store (veggfaste) formatet. Tanken bak er mellom anna å inspirere deg til å gle deg over dei nærast uendelege moglegheitene som ligg i bok og vegg – med papir, kritt, tusj, litt maling, saks og gardintrapp – og prøve det ut i verkstadar utforma av kunstnarane i prosjektet.
Deltakande kunstnarar:
Per Dybvig bur og arbeider i Berlin og Stavanger. Dybvig utforskar teikning gjennom ulike format, teknikkar og uttrykk. Sentralt i kunstnarskapen hans står store landskap i blekk og nyhende-teikning på papir. Dybvig publiserer eigne biletbøker og han arbeider som illustratør med nokre av landets leiande forfattarar. Praksisen har i seinare tid vakse til å omfatte skulptur og animasjon. I utstillinga viser me eit utval teikningar frå tre av hans stop-motion-animasjonsfilmar parallelt med at filmane vert vist på stort lerret i konsertsalen.
Susanna Kajermo bur og arbeider i Sverige. Ho har utdanninga si frå Gerlesborgsskolan i Stockholm og Kunsthøgskolen i Bergen. Kajermo skapar detaljerte teikningar og kollasjar i forskjellige format. Motiva er både realistiske og med drag frå det mytiske, med slektskap til surrealismen sine forskyvingar av røynda. Ho har også laga illustrasjonar, som i boka Hauk av Sivert Nesbø og Kajermo (2019), og boka På ei trapp i universet: dikt av Marit Kaldhol (2022). I utstillinga viser ho teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Kristen Keegan er ein kanadisk kunstnar med mastergrad i kunst frå KMD, Bergen. Ho bur i Bergen og arbeider med maleri, installasjonar og publikasjonar. Keegan utforskar abstraksjonar av farge, til dømes gjennom å nytte flytande farge og voks på tekstil. Dei siste åra har ho hatt separatutstillingar ved Tekstilindustrimuseet (Salhus, 2022), LNM (Oslo, 2021), Konstepidemin (Gøteborg, 2021) og Hordaland kunstsenter (Bergen, 2019), og verka hennar blei vist på Årsutstillingen 22 på Drammen museum. Keegan er innkjøpt til samlingar i Canada, USA og Norge, inkludert Universitetet i Bergen (KMD bibliotek) og KODE museum. I utstillinga viser ho tekstile verk som leikar med dei optiske og taktile moglegheitene i bokformatet.
Imi Maufe arbeider med grafikk, bøker, tekst, installasjonar, interaksjonar og dokumenterer eigne reiser og kvardagsopplevingar. I 2013 var Maufe med på å etablere Codex Polaris for kunstnarar som arbeider med bøker i Norden. Maufe er representert i internasjonale og private samlingar, har ein mastergrad i multidisiplinær grafikk frå The University of the West of England, Bristol. Eit av verka hennar i utstillinga er bygd på ein serie observasjonar av ulike skilt og symbol funne under ei vekes opphald i Øystese.o teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Tord Torpe har mastergrad frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Han har deltatt på fleire utstillingar, sist i Jakta på Makta, Stortinget (2023), Avistegnernes årskavalkade på Stortinget (2022), og på Tegnerforbundet i Oslo (2019), der han viste utdrag frå teikneserieboka Kjøt (Magikon 2018). Boka fekk gull i kategorien teikneserier ved prisutdelinga Årets Vakreste Bøker 2019. Torpe har også vist animasjonar på festivalar i Noreg, Skottland og Kina. Han er aktiv som illustratør i norske aviser, som BT og Morgenbladet. I utstillinga kombinerer han teikning rett på vegg med innramma teikningar.
Xueting Yang er ein kinesisk teikneserieskapar og illustratør som no bur i Oslo. Ho debuterte med teikneserieboka Et annet sted i 2014, der ho skildrar det å flytte til Noreg. Yang hentar inspirasjon både frå klassisk kinesisk illustrasjon og frå ein vestleg tradisjon. Et annet sted fekk Kulturdepartementets teikneseriepris og sølv i Årets vakreste bøker. I utstillinga viser me utdrag frå teikneserien Kjøkken, hennar siste bok publisert i 2022. I Kjøkken vekslar sjangrane mellom sosialrealisme og burlesk magisk realisme, og boka vant gull i Årets vakreste bøker.
Tid
Oktober 7 (Laurdag) 00:00 - Desember 30 (Laurdag) 00:00

Om arrangementet
Hovudplaggutstilling Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk kjem til Hardanger folkemuseum 5. november. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var nytta på
Om arrangementet
Hovudplaggutstilling
Den unike vandreutstillinga Hovudplagg og hårmote i folkedrakt og bundbruk kjem til Hardanger folkemuseum 5. november. Utstillinga syner tradisjonelle hovudplagg frå mange stader i Noreg, slik dei var nytta på 1700 og 1800-tallet og vert brukt til bunad i dag. Nærare 100 ulike hovudplagg er med. Hardanger folkemuseum er første og einaste visningsstad for denne utstillinga i Hordaland.
Pikahuva, linhatt, pålalue, hette, perlekrans, skaut og båthatt. Variasjonen og kreativiteten har vore stor, både i nemning og utsjånad. Over heile landet var hovudplagget ein svært viktig del av den tradisjonelle draktskikken. Kleda synte kven ein var, og kor ein kom frå, kva anledning ein var kledd for, og kva status ein hadde. Særleg viktig var skiljet mellom gift og ugift, og i det fleste område var det hovudplagget som synte dette. Dei staselegaste hovudplagga var det den gifte kvinna som hadde, sett bort frå dei utruleg vakre brurekrunene som brura bar på brudlaupsdagen. Somme stader var det og eigne hovudplagg for ugifte mødrer, og for peparmøyer, jenter som hadde vorte 30 år utan å gifta seg.
Det er Norsk folkedraktforum som står bak vandreutstillinga, som ein del av arbeidet med å få bunadbruk i Noreg inn på Unesco si liste over representativ immateriell kulturarv. Nff er ei landsomfattande organisasjon som arbeider med bunader forankra i tradisjonell draktskikk. Det er medlemmene i Nff som har laga dei vel 70 plagga som føl med utstillinga. I tillegg er utstillinga supplert med kring 30 hovudplagg frå Hardanger, Voss, Fana, Øygarden, Tysnes og andre stader i Hordaland. Utstillinga har og ein skautfellingsverkstad der ein kan sjå korleis ein lagar koneskaut til hardangerbunaden.
Utstillingsperiode 5. november 2023 til 21. januar 2024
Utstillinga er ope måndag til fredag i perioden 5. november til 21. januar, frå kl 9 til 15. Det går fint å avtala besøk også utanom ordinær opningstid. Ta kontakt på post@hvm.museum.no for å avtala.
Gruppebesøk
Me inviterer no lag, organisasjonar og andre grupper til å besøkja utstillinga. Her kan de få omvising, og gjerne eit besøk i kafeen etterpå. Besøket kan vera på dagtid eller på kveldstid. Ting besøk ved å senda ein e-post til post@hvm.museum.no eller ring 47479884. Me tek imot besøk fram til siste dag for utstillinga, som er 21. januar 2024.
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Sjå meir om prosjektet her http://norskfolkedraktforum.no/prosjekter-1#/new-page-55
Tid
November 5 (Sundag) 16:30 - Januar 21 (Sundag) 15:00
januar

lau13jan(jan 13)00:00sun14(jan 14)00:00Speaker ParkI utstillingssalen00:00 - 00:00 (14)

Om arrangementet
Sjekk ut Speaker Park! Nokre få utvalde dagar i januar kan du oppleva ei stor lydutstilling med 24 ulike skulpturelle høgtalararni utstillingssalen vår. Høgtalarane utgjer ein installasjon som spelar
Om arrangementet
Sjekk ut Speaker Park! Nokre få utvalde dagar i januar kan du oppleva ei stor lydutstilling med 24 ulike skulpturelle høgtalararni utstillingssalen vår.
Høgtalarane utgjer ein installasjon som spelar komposisjonar frå fleire komponistar.
Skulpturelle høgtalarar, design og konstruksjon: Jon Pigott (UK), Roar Sletteland (N) og Wrap.
Komposisjon: Mari Kvien Brunvoll (N), Antti Sakari Saario (FI), Owen Weaver (US) og Leo Preston (UK/N).
Konsept, regi og kuratorar: Leo Preston (UK/N) & Veronica Robles Thorseth (PE/N).
Lysdesign/video: Leo Preston (UK/N)
Produsert av Wrap, Bergen
_____________________________
Praktisk info:
-
- Ope for alle 13.-14. jan kl 11-16
Ope for klassar i forkant av dette – sjå invitasjon eller kontakt oss på post@kabuso.no / tlf 992 25 096 (Karen)
Tid
13 (Laurdag) 00:00 - 14 (Sundag) 00:00
februar
lau03feb(feb 3)00:00sun21apr(apr 21)00:00NattankarUtstilling00:00 - (april 21) 00:00

Om arrangementet
Årets første utstilling i Kabuso opnar 3. februar og har fått tittelen Nattankar. Kunstnarane Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen presenterar eit utval arbeid i utstillingssalen. Gunvor Nervold Antonsen (f. 1974) er
Om arrangementet
Årets første utstilling i Kabuso opnar 3. februar og har fått tittelen Nattankar.
Kunstnarane Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen presenterar eit utval arbeid i utstillingssalen.
Gunvor Nervold Antonsen (f. 1974) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og bur og arbeider i Rollag i Numedal.
Arbeida hennar er vist ved Kunstnernes hus, Trondheim kunstmuseum, Kunstnerforbundet, Kunsthall Stavanger, Lillehammer kunstmuseum, Vigelandsmuseet og Bomuldsfabriken Kunsthall.
Ho er kjøpt inn til Nasjonalmuseet, KODE, Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, Norges Bank og Utenriksdepartementet – og har mellom anna gjort offentlege oppdrag for KORO.
Nervold Antonsen har gitt ut bøker og publikasjonar i samarbeid med andre forfattarar, og ei eiga diktbok med tittelen Vi er margen i samband med utstillinga til Lorck Schive kunstpris på Trondheim kunstmuseum 2021.
Marthe Karen Kampen (f. 1986) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo og bur og arbeider i Eidskog kommune.
Kampen arbeider med maleri, tresnitt og tekstil i eit tilsynelatande enkelt, men kraftfullt uttrykk.
I verka søkjer ho etter ei oppleving av sårbarheit, humor og styrke – og titlane hennar kan vera bruer til fantasifulle tolkingar av verket.
Kampen arbeider gjerne med seriar der mange variantar spring ut av same utgangspunkt, med urettelege forsøk på å uttrykka noko oppriktig i ei kaotisk samtid.
Åleine og i samarbeid med Johannes Borchgrevink Hansen har ho utført fleire utsmykkingsoppdrag, seinast ved Veterinærinstituttet i Ås.
Hennar siste separatutstilling var ved Dropsfabrikken i Trondheim, hausten 2022.
Kampen har deltatt på fleire gruppeutstillingar, mellom anna ved Kunstbanken i Hamar, Nasjonalmuseet, Norske grafikere, Soft Galleri, Grenland kunsthall, Hubei Art Museum i Wuhan (Kina) og Høstutstillingen på Kunstnernes hus i Oslo.
Utstillinga kan opplevast tom. sundag 21. april
Tid
Februar 3 (Laurdag) 00:00 - April 21 (Sundag) 00:00
mars
lau03feb(feb 3)00:00sun21apr(apr 21)00:00NattankarUtstilling(februar 3) 00:00 - (april 21) 00:00

april