Kunsthuset Kabuso
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arrangement på denne staden
november

Om arrangementet
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso. Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays, samt
Om arrangementet
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso.
Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays, samt eit miljø for ro og avslapping.
Opplev utstillinga i perioden 7. oktober- 26. november 2023
Om prosjektet Hvileåret: Hvile, vekst og aktivisme
Prosjektet er eit fleirårig, deltakande og kunstnarisk forskingsprosjekt leia av kunstnaren Amber Ablett. Prosjektet vart bestilt av Kunsthuset Kabuso og utvikla for Storeteigen bygdetun som ein stad for samling, felleskap, undersøking og kvile. Som forskingsprosjekt har Hvileåret sett søkelys på kvile innafor aktivisme, frigjering og sosialt arbeid og lagt til rette for workshops, lengre opphald for fagpersonar og kollektiv tenking.
Kvile vert ei handling av motstand i eit samfunn som kontant ignorerer, avviser, bagatelliserar og undertrykker erfaringar menneske har. For dei som kjempar for sin eksistens, er opplevinga av å bli overvelda og utmatta gjerne noko som gjer berekraftig handling umogleg.
Medforskarar i prosjektet:
Ro Averin (ho/henne), Equity and Social Justice Educator, konsulent og skribent
Eva Rowson (ho/henne), kunstnar, kurator og dagleg leiar i Bergen Kjøtt
Isak Bradley (han/han), kunstnar og styreleiar i Pasientorganisasjonene for kjønnsinkongruens
Vikram Kolmanskog (han/han), skribent, formidlar og professor i gestaltpsykoterapi
Tid
Oktober 7 (Laurdag) 00:00 - November 26 (Sundag) 00:00

Om arrangementet
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan. Utstillingsperiode:
Om arrangementet
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsperiode: 7. oktober-30. desember. Merk at 28. oktober vert ikkje filmane til Per Dybvig og Tord Torpe vist grunna arrangement i konsertsalen.
Om utstillinga:
I Handboren og veggfast ynskjer Kabuso å sjå nærare på analoge medium som kunstnarbøker, animasjonsfilmar, teikneseriar og veggteikningar. Me søkjer å vise nokre få av moglegheitene som ligg i materialet, i teikninga og kunstnarboka sitt store mangfald. Samstundes vil me strekkje opp eit spenn mellom det vesle (handborne) og det store (veggfaste) formatet. Tanken bak er mellom anna å inspirere deg til å gle deg over dei nærast uendelege moglegheitene som ligg i bok og vegg – med papir, kritt, tusj, litt maling, saks og gardintrapp – og prøve det ut i verkstadar utforma av kunstnarane i prosjektet.
Deltakande kunstnarar:
Per Dybvig bur og arbeider i Berlin og Stavanger. Dybvig utforskar teikning gjennom ulike format, teknikkar og uttrykk. Sentralt i kunstnarskapen hans står store landskap i blekk og nyhende-teikning på papir. Dybvig publiserer eigne biletbøker og han arbeider som illustratør med nokre av landets leiande forfattarar. Praksisen har i seinare tid vakse til å omfatte skulptur og animasjon. I utstillinga viser me eit utval teikningar frå tre av hans stop-motion-animasjonsfilmar parallelt med at filmane vert vist på stort lerret i konsertsalen.
Susanna Kajermo bur og arbeider i Sverige. Ho har utdanninga si frå Gerlesborgsskolan i Stockholm og Kunsthøgskolen i Bergen. Kajermo skapar detaljerte teikningar og kollasjar i forskjellige format. Motiva er både realistiske og med drag frå det mytiske, med slektskap til surrealismen sine forskyvingar av røynda. Ho har også laga illustrasjonar, som i boka Hauk av Sivert Nesbø og Kajermo (2019), og boka På ei trapp i universet: dikt av Marit Kaldhol (2022). I utstillinga viser ho teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Kristen Keegan er ein kanadisk kunstnar med mastergrad i kunst frå KMD, Bergen. Ho bur i Bergen og arbeider med maleri, installasjonar og publikasjonar. Keegan utforskar abstraksjonar av farge, til dømes gjennom å nytte flytande farge og voks på tekstil. Dei siste åra har ho hatt separatutstillingar ved Tekstilindustrimuseet (Salhus, 2022), LNM (Oslo, 2021), Konstepidemin (Gøteborg, 2021) og Hordaland kunstsenter (Bergen, 2019), og verka hennar blei vist på Årsutstillingen 22 på Drammen museum. Keegan er innkjøpt til samlingar i Canada, USA og Norge, inkludert Universitetet i Bergen (KMD bibliotek) og KODE museum. I utstillinga viser ho tekstile verk som leikar med dei optiske og taktile moglegheitene i bokformatet.
Imi Maufe arbeider med grafikk, bøker, tekst, installasjonar, interaksjonar og dokumenterer eigne reiser og kvardagsopplevingar. I 2013 var Maufe med på å etablere Codex Polaris for kunstnarar som arbeider med bøker i Norden. Maufe er representert i internasjonale og private samlingar, har ein mastergrad i multidisiplinær grafikk frå The University of the West of England, Bristol. Eit av verka hennar i utstillinga er bygd på ein serie observasjonar av ulike skilt og symbol funne under ei vekes opphald i Øystese.o teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Tord Torpe har mastergrad frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Han har deltatt på fleire utstillingar, sist i Jakta på Makta, Stortinget (2023), Avistegnernes årskavalkade på Stortinget (2022), og på Tegnerforbundet i Oslo (2019), der han viste utdrag frå teikneserieboka Kjøt (Magikon 2018). Boka fekk gull i kategorien teikneserier ved prisutdelinga Årets Vakreste Bøker 2019. Torpe har også vist animasjonar på festivalar i Noreg, Skottland og Kina. Han er aktiv som illustratør i norske aviser, som BT og Morgenbladet. I utstillinga kombinerer han teikning rett på vegg med innramma teikningar.
Xueting Yang er ein kinesisk teikneserieskapar og illustratør som no bur i Oslo. Ho debuterte med teikneserieboka Et annet sted i 2014, der ho skildrar det å flytte til Noreg. Yang hentar inspirasjon både frå klassisk kinesisk illustrasjon og frå ein vestleg tradisjon. Et annet sted fekk Kulturdepartementets teikneseriepris og sølv i Årets vakreste bøker. I utstillinga viser me utdrag frå teikneserien Kjøkken, hennar siste bok publisert i 2022. I Kjøkken vekslar sjangrane mellom sosialrealisme og burlesk magisk realisme, og boka vant gull i Årets vakreste bøker.
Tid
Oktober 7 (Laurdag) 00:00 - Desember 30 (Laurdag) 00:00
tors02nov20:00Best Western SwingKonsert20:00

Om arrangementet
Velkomen til ein torsdagskveld det svingar skikkeleg av - i konsertsalen i Kabuso 2. november kl 20! Stian Carstensen - trekkspel og steel gitar Staffan William Olsson- gitar Asle Røe- gitar Finn Guttormsen -
Om arrangementet
Velkomen til ein torsdagskveld det svingar skikkeleg av – i konsertsalen i Kabuso 2. november kl 20!
Stian Carstensen – trekkspel og steel gitar
Staffan William Olsson– gitar
Asle Røe– gitar
Finn Guttormsen – bass
Jarle Vespestad– trommer
Best Western Swing er fem musikarar foreina i kjærleik til western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane (t.d. Bob Wills, Spade Cooley, Jimmy Bryant/Speedy West og Hank Garland). I eit vidare perspektiv kan ein kalla det ”instrumental elektrisk americana”.
BWS (som på ingen måte er ortodokse museumsvoktarar) er leia av Asle Røe, opprinneleg frå Otrøya i Molde kommune – men med tolv år som profesjonell gitarist i Houston, Texas.
Med på laget er 60% av Farmers Market: Stian Carstensen på steelgitar og trekkspel, Finn Guttormsen på bass og Jarle Vespestad på trommer, samt gitarist Staffan William-Olsson frå The Real Thing.
Antall strenger totalt: 36.
Tid
(Torsdag) 20:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPsun12nov18:00Christian Wallumrød ensemble18:00

Om arrangementet
Sundagskvelden 12. november kl 18 byr Kabuso på Christian Wallumrød ensemble (CWE) Christian Wallumrød - piano Eivind Lønning - trompet Espen Reinertsen - saksofon Tove Törngren - cello Per Oddvar Johansen - trommer, vibrafon CWE debuterte
Om arrangementet
Sundagskvelden 12. november kl 18 byr Kabuso på Christian Wallumrød ensemble (CWE)
Christian Wallumrød – piano
Eivind Lønning – trompet
Espen Reinertsen – saksofon
Tove Törngren – cello
Per Oddvar Johansen – trommer, vibrafon
CWE debuterte på Kongsberg jazzfestival i 2022 og har sidan spelt nærare 200 konsertar i Noreg og elles i Europa, pluss USA Canada og Japan.
Wallumrød sitt mangeårige samarbeid med produsent Manfred Eicher har resultert i 5 utgjevingar med CWE på ECM Records. Albumet Outstairs vart heidra med ein ein Spellemannspris. Ensemblet har også gitt ut albuma Kurzam and Fulger (2016) og Many (2020, nominert til Spellemannpris) på Hubro Music. Samtlege album har vorte møtt med stor entusiasme blant kritikarane og publikum kring i verda. Fleire av utgjevingane har også havna på ulike årsbeste-lister i nasjonale og internasjonale media.
«Jeg vet knapt om noen som har tilført norsk musikkliv mer nyskapt særpreg enn Christian Wallumrød de siste tiårene»
Arild R. Andersen, Aftenposten
«The album is a masterpiece, by one of the most important living improvisers and composers»
Andy Hamilton, Jazz Journal (om albumet Many)
Tid
(Sundag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPtors16nov19:00Gabriels NovgorodFolkemusikk19:00

Om arrangementet
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar - kjende frå mellom anna Real Ones - i Kabuso torsdag 16. november kl 19 Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal) David Chelsom Vogt (fele, vokal) Kristoffer
Om arrangementet
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar – kjende frå mellom anna Real Ones – i Kabuso torsdag 16. november kl 19
Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal)
David Chelsom Vogt (fele, vokal)
Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, vokal)
Jørgen Sandvik (gitar, vokal)
Om Novgorod:
«Det er på tide at noen leverer musikken som dufter av solbelyste tømmervegger og syder av tjern og myrer. Det er på tide at noen gir oss musikken fra lave trebyer ved Østersjøen, fra hodeløse vodkafester med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidens nye lavblokker.
Noen må nå komme med den fyrrige musikken som rant ut fra cabaretlokalet, som fløt opp fra dansebanen ved elven, og valsene, verdens vakreste…
Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!»
På konsert med Novgorod kan du få høyra originale tolkingar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengtnadsfulle valsar, nordsvensk swing (med kosakktrinn) og lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk.
Novgorod vart danna i 2003 og har m.a. spelt på Festspillene i Bergen, Nattjazz, VossaJazz, Balkanfest, Litteratursymposiet i Odda, Hardingtonar, Columbi Egg og Riksscenen – og i Kabuso.
Gabriel Fliflet er vaksen opp til lyden av svensk, finsk og norsk song. Kåra til årets folkemusikar i 2011. Mange kjenner Fliflet frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i dueon Fliflet/Hamre. I denne samanhengen ausar han av kjennskapen sin til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland, sigøynarmusikk m.m.
David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spela saman sidan dei var små. Best kjend er dei frå bandet Real Ones, som starta med irsk og britisk folkemusikk og etterkvart utvikla sin eigen fengande pop-stil med impulsar frå eit utal etniske tradisjonar. Kritikaryndlingar, bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2013.
Prisløna Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet i bl.a. verket Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflet sitt bestillingsverk til Vossajazz 2013 – Valseria.
Frå pressa:
”En opplevelse man sent vil glemme… Disse guttene har spilleglede i høysetet.” (Fanaposten)
”Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten” (Bergens Tidende)
«Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har vore ute i minst tre tiår, men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.”
(Lesarinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk )
Tid
(Torsdag) 19:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPlau18nov16:00Ensemble Eon16:00

Om arrangementet
Opplev ei unik besetning med fiolin, saksofon og piano i konsertsalen i Kabuso laurdag 18. november kl 16! Ensemble EON presenterar Mellom - eit unikt konsertprogram som drar lyttaren inn
Om arrangementet
Opplev ei unik besetning med fiolin, saksofon og piano i konsertsalen i Kabuso laurdag 18. november kl 16! Ensemble EON presenterar Mellom – eit unikt konsertprogram som drar lyttaren inn i ei ny klangleg verd.
Mara Haugen, fiolin
Morten Norheim, saksofonar
Martha Berit Belt, piano
Musikken er skrive av nolevande komponistar som har sterk tilknyting til Noreg, og utforskar det som oppstår i og mellom svært varierte musikkuttrykk.
Nyskrivne komposisjonar frå Francisco Cortney og Emiliano Ortiz, begge tidlegare studentar ved Griegakademiet, gjev innblikk i eit utforskande lydlandskap med sterke tilknytingare i høvesvis Argentina og Mexico.
Publikum vil også få oppleva verk av Sverre Idris Joner og Marius Neset, kor musikken spenner vidt med energifylte rytmar, dansande samspel og lyriske melodiar, som tidvis utforskar eit meir moderne og eksperimentelt uttrykk.
Hovudverket er Ståle Kleiberg sin Piano trio no. 2, kor introduksjonen av saksofon gjev den klassiske trioen nye og spanande fargar.
Tid
(Laurdag) 16:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPsun19nov13:00Film: Bernard og BiancaBornas Kabuso13:00

Om arrangementet
Film: Bernard og Bianca. 1 t 16 min. Alle Teiknestund etter filmen Om filmen: To små mus skal redde foreldrelause Penny frå fangenskap hos Madam Medusa og to glupske krokodillar. Inga påmelding. Medlemsskap
Om arrangementet
Film: Bernard og Bianca. 1 t 16 min. Alle
Teiknestund etter filmen
Om filmen: To små mus skal redde foreldrelause Penny frå fangenskap hos Madam Medusa og to glupske krokodillar.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Vaksne går gratis på filmane i følge med barn.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00
fre24nov19:00fre21:30Verkstad med Tord TorpeKunstbar19:00 - 21:30

Om arrangementet
Bli med på Kunstbar Verkstad med "vår eigen" Tord Torpe - fredag 24. november kl 19! I verkstaden kjem fokus til å vera på lågterskel, uhøgtidleg teikneglede. Me skal truleg bruka fantasien
Om arrangementet
Bli med på Kunstbar Verkstad med «vår eigen» Tord Torpe – fredag 24. november kl 19!
I verkstaden kjem fokus til å vera på lågterskel, uhøgtidleg teikneglede.
Me skal truleg bruka fantasien meir enn augene, sjølv om augene òg lyt nyttast.
Me skal teikna kvar for oss og saman på same tid.
Me siktar mot morosame og uventa resultat: ein latter forlenger livet.
Me får alle med oss kvar vår teikning heim som me stolte kan visa til mor og far.
Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast.
Teikning og illustrasjon er tema.
Andre arrangement i serien:
Imi Maufe – 8. desember
Open kafe / bar
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPtys28nov00:00Hardanger Skypace av James TurrellLysverket ved Hardangerfjorden00:00

Om arrangementet
2 gongar i døgeret, 365 dagar i året: Lysverket Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell er tilgjengeleg for lysvisningar to gongar i døgeret: Kring soloppgang eller solnedgang - du vel
Om arrangementet
2 gongar i døgeret, 365 dagar i året:
Lysverket Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell er tilgjengeleg for lysvisningar to gongar i døgeret:
Kring soloppgang eller solnedgang – du vel etter eige ynskje.
Slik gjer du det:
- Kjøp billettar på nett – her ligg også dei aktuell tidspunkta
- Møt opp i resepsjonen på Hardangerfjord hotell like før oppgitt tidspunkt. Der vil du få utlevert nøkkel og eit infoskriv om lysverket. Adresse: Hardangerfjordvegen 613, Øystese
- Du låser sjølv opp lysverket like ved (50 meter frå resepsjonen). Set/legg deg til rette og nyt. Adresse: Hardangerfjordvegen 619, Øystese
Praktisk info:
- Kle deg som for å vera ute
- Du får låna pledd og sitjeunderlag. Ha gjerne med nakkepute om ynskjeleg.
- Etter visning: Døra har smekklås – du lukkar deg ut sjølv og leverer nøkkelen til hotellet.
- Det er elles mogeleg å vitja Hardanger Skyspace i Kabuso si opningstid (utan lysvisning) med gyldig utstillingsbillett.
Tid
(Tysdag) 00:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> Kjøpdesember

Om arrangementet
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan. Utstillingsperiode:
Om arrangementet
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema.
Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan.
Utstillingsperiode: 7. oktober-30. desember. Merk at 28. oktober vert ikkje filmane til Per Dybvig og Tord Torpe vist grunna arrangement i konsertsalen.
Om utstillinga:
I Handboren og veggfast ynskjer Kabuso å sjå nærare på analoge medium som kunstnarbøker, animasjonsfilmar, teikneseriar og veggteikningar. Me søkjer å vise nokre få av moglegheitene som ligg i materialet, i teikninga og kunstnarboka sitt store mangfald. Samstundes vil me strekkje opp eit spenn mellom det vesle (handborne) og det store (veggfaste) formatet. Tanken bak er mellom anna å inspirere deg til å gle deg over dei nærast uendelege moglegheitene som ligg i bok og vegg – med papir, kritt, tusj, litt maling, saks og gardintrapp – og prøve det ut i verkstadar utforma av kunstnarane i prosjektet.
Deltakande kunstnarar:
Per Dybvig bur og arbeider i Berlin og Stavanger. Dybvig utforskar teikning gjennom ulike format, teknikkar og uttrykk. Sentralt i kunstnarskapen hans står store landskap i blekk og nyhende-teikning på papir. Dybvig publiserer eigne biletbøker og han arbeider som illustratør med nokre av landets leiande forfattarar. Praksisen har i seinare tid vakse til å omfatte skulptur og animasjon. I utstillinga viser me eit utval teikningar frå tre av hans stop-motion-animasjonsfilmar parallelt med at filmane vert vist på stort lerret i konsertsalen.
Susanna Kajermo bur og arbeider i Sverige. Ho har utdanninga si frå Gerlesborgsskolan i Stockholm og Kunsthøgskolen i Bergen. Kajermo skapar detaljerte teikningar og kollasjar i forskjellige format. Motiva er både realistiske og med drag frå det mytiske, med slektskap til surrealismen sine forskyvingar av røynda. Ho har også laga illustrasjonar, som i boka Hauk av Sivert Nesbø og Kajermo (2019), og boka På ei trapp i universet: dikt av Marit Kaldhol (2022). I utstillinga viser ho teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Kristen Keegan er ein kanadisk kunstnar med mastergrad i kunst frå KMD, Bergen. Ho bur i Bergen og arbeider med maleri, installasjonar og publikasjonar. Keegan utforskar abstraksjonar av farge, til dømes gjennom å nytte flytande farge og voks på tekstil. Dei siste åra har ho hatt separatutstillingar ved Tekstilindustrimuseet (Salhus, 2022), LNM (Oslo, 2021), Konstepidemin (Gøteborg, 2021) og Hordaland kunstsenter (Bergen, 2019), og verka hennar blei vist på Årsutstillingen 22 på Drammen museum. Keegan er innkjøpt til samlingar i Canada, USA og Norge, inkludert Universitetet i Bergen (KMD bibliotek) og KODE museum. I utstillinga viser ho tekstile verk som leikar med dei optiske og taktile moglegheitene i bokformatet.
Imi Maufe arbeider med grafikk, bøker, tekst, installasjonar, interaksjonar og dokumenterer eigne reiser og kvardagsopplevingar. I 2013 var Maufe med på å etablere Codex Polaris for kunstnarar som arbeider med bøker i Norden. Maufe er representert i internasjonale og private samlingar, har ein mastergrad i multidisiplinær grafikk frå The University of the West of England, Bristol. Eit av verka hennar i utstillinga er bygd på ein serie observasjonar av ulike skilt og symbol funne under ei vekes opphald i Øystese.o teikning og ein kortstokk som også kan spelast med.
Tord Torpe har mastergrad frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen. Han har deltatt på fleire utstillingar, sist i Jakta på Makta, Stortinget (2023), Avistegnernes årskavalkade på Stortinget (2022), og på Tegnerforbundet i Oslo (2019), der han viste utdrag frå teikneserieboka Kjøt (Magikon 2018). Boka fekk gull i kategorien teikneserier ved prisutdelinga Årets Vakreste Bøker 2019. Torpe har også vist animasjonar på festivalar i Noreg, Skottland og Kina. Han er aktiv som illustratør i norske aviser, som BT og Morgenbladet. I utstillinga kombinerer han teikning rett på vegg med innramma teikningar.
Xueting Yang er ein kinesisk teikneserieskapar og illustratør som no bur i Oslo. Ho debuterte med teikneserieboka Et annet sted i 2014, der ho skildrar det å flytte til Noreg. Yang hentar inspirasjon både frå klassisk kinesisk illustrasjon og frå ein vestleg tradisjon. Et annet sted fekk Kulturdepartementets teikneseriepris og sølv i Årets vakreste bøker. I utstillinga viser me utdrag frå teikneserien Kjøkken, hennar siste bok publisert i 2022. I Kjøkken vekslar sjangrane mellom sosialrealisme og burlesk magisk realisme, og boka vant gull i Årets vakreste bøker.
Tid
Oktober 7 (Laurdag) 00:00 - Desember 30 (Laurdag) 00:00
tors07des11:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00

Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle utstillingar for gratistorsdagen 7. desember: Handboren og veggfast Juleutstilling ved Kvam
Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso?
Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar for gratistorsdagen 7. desember:
Handboren og veggfast
Juleutstilling ved Kvam kulturskule
Merk at hovudutstillinga også byr på film i konsertsalen
Huset er ope kl 11-15
Kafe og gåvebutikk
Arbeid frå fjorårets juleutstiling v/Kvam kulturskule
Tid
(Torsdag) 11:00
fre08des19:00fre21:30Kunstbar med Imi Maufe19:00 - 21:30

Om arrangementet
Bli med på Kunstbar med Imi Maufe - fredag 8. desember kl 19! Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast. Teikning og illustrasjon er tema
Om arrangementet
Bli med på Kunstbar med Imi Maufe – fredag 8. desember kl 19!
Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast.
Teikning og illustrasjon er tema – og Maufe vil syna oss korleis ei bok vert til.
Open kafe / bar
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
lau16des13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule på årets siste Kakaokonsert - laurdag 16. desember kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso -
Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule på årets siste Kakaokonsert – laurdag 16. desember kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
sun17des13:00Film: TitinaBornas Kabuso13:00

Om arrangementet
Film: Titina. 1 t 31 min. 6 år Teiknestund etter filmen Om filmen: Titina startar livet som gatehund i Roma, men vert sidan verdsberømt. Ho erobra Nordpolen med Roald Amundsen og fekk
Om arrangementet
Film: Titina. 1 t 31 min. 6 år
Teiknestund etter filmen
Om filmen: Titina startar livet som gatehund i Roma, men vert sidan verdsberømt. Ho erobra Nordpolen med Roald Amundsen og fekk besøke keisaren i Japan.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023.
Vaksne går gratis på filmane i følge med barn.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00
januar
lau27jan18:00Anderz Eide les Jon FosseLitteratur18:00

Om arrangementet
Skodespelar Anderz Eide les Jon Fosse i ein lydbok live, laurdag 27. jan kl 18. Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå perm
Om arrangementet
Skodespelar Anderz Eide les Jon Fosse i ein lydbok live, laurdag 27. jan kl 18.
Opplev ein av landets beste forteljarar lese Morgon og kveld av nobelprisvinnar Jon Fosse, frå perm til perm.
Kom inn frå haustmørkret og bli med inn i Fosse sitt særeigne univers.
Anderz Eide vann nylig Storytel Awards for innlesinga si av Septologien.
Bill på TicketCo (link under): 300,- /240,- (KabusoVen)
Tid
(Laurdag) 18:00
Billettsal på nett, restbillettar i døra
>>> KJØPfebruar
lau03feb14:00UtstillingsopningGunvor Nervold Antonsen + Marthe Kampen / Magnar Moen14:00

Om arrangementet
Velkomen til opning årets første utstilling i Kabuso; laurdag 3. februar kl 14! I hovudsalen opnar utstillinga Nattankar med arbeid av Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen. I foajeen kan du
Om arrangementet
Velkomen til opning årets første utstilling i Kabuso; laurdag 3. februar kl 14!
I hovudsalen opnar utstillinga Nattankar med arbeid av Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen.
I foajeen kan du oppleva verk av Magnar Moen.
Konsert ved Thomas Eggum
Forfriskingar og open kafe
Velkomen!
Utstillingane kan opplevast i perioden 3. februar-21. april
Tid
(Laurdag) 14:00
mars
tors07mar11:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00

Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle utstillingar denne dagen: Nattankar - Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen Magnar Moen
Om arrangementet
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso?
Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar denne dagen:
Nattankar – Gunvor Nervold Antonsen og Marthe Kampen
Magnar Moen – Tonar frå svart
Huset er ope kl 11-15
Kafe og gåvebutikk
Tid
(Torsdag) 11:00
lau16mar13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 16. mars kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 16. mars kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
lau16mar19:00Knut ReiersrudGitarguru19:00

Om arrangementet
Sjølvaste Knut Reiersrud + konsertsalen i Kabuso = perfekt musikalsk match. Sjekk det ut laurdag 16. mars kl 19! I over 40 år har Knut Reiersrud spelt sine gitarar på tallause scenar
Om arrangementet
Sjølvaste Knut Reiersrud + konsertsalen i Kabuso = perfekt musikalsk match. Sjekk det ut laurdag 16. mars kl 19!
I over 40 år har Knut Reiersrud spelt sine gitarar på tallause scenar og begeistra publikum – bokstaveleg tala – verda over. Omgangen hans med strengeinstrument – både musikalsk og visuelt – er ei totaloppleving.
Kong Harald uttalte etter ein Reiersrud-konsert i Sør-Afrika at han aldri tidlegere hadde sett ein musikar fysisk forsvinna inn i instrumentet sitt slik som Reiersrud.
President Thabo Mbeki tilbaud gitaristen sørafrikansk pass – for å få eit ekstranummer – på samme konsert….
Reiersrud er ein av Norges beste instrumentalistar, ein virtuos på gitar, og ein magikar på scenen. Tre store påstandar, men som faktisk stemmer, alle tre. Han har gitt ut ei rekkje plater – både soloalbum og album med diverse konstellasjonar gjennom åra. Han har m.a. mottatt Spellemannprisen for 3 av desse og ein dansk Grammy-pris.
Han har spelt med storleikar som Dr. John, Buddy Guy, Ricky Lee Jones, David Lindley og gjort live-plater i land som Nepal og Iran. Få andre artister kan matcha det!
Knut Reiersrud spelar blues, folkemusikk, indisk, afrikansk, i tillegg til å vera ein fantastisk improvisatør. Med eit arsenal av ulike gitarar gjer han i solokonsertane sine ei reise i strengemusikkens geografi.
Med si enorme erfaring – 17 soloplater, medverknad på 300 plateutgjevingar og turnear på alle verdas kontinent – er han med sine 60 år nærast for ei levande legende å rekna. Med blues i ryggraden – etter læretid i Chicago og New York med folk som Dr. John og Buddy Guy – er Knut Reiersrud ALLTID innstilt på å levera varene 110 prosent.
Billettslepp torsdag 23. november kl 09
Tid
(Laurdag) 19:00