Ledige stillingar
Ledige stillingar
Agatunet er eit nasjonalt kulturminne med 30 freda bygningar midt i hjarta av Hardanger. Tunet er ein viktig kulturarena med lokal forankring. Me har faste opningstidar frå mai til september og er elles ope etter avtale. Me tilbyr omvisingar, faste og skiftande, aktuelle kunst- og kulturhistoriske utstillingar, konsertar, føredrag og kurs. Me har eige leikerom for born og ein sjarmerande kafe med eit utval både søtmat og saltmat, samt ein liten museumsbutikk. Me samarbeider med både frivillege og andre aktørar og tilbyr sidersmaking. Me held arrangement som møter og selskap, til dømes konfirmasjon og vigsler/bryllaup.
Stadig fleire besøkande har lagt turen innom det autentiske klyngetunet dei siste åra, og i 2023 var ca. 6100 gjester på vitjing. Agatunet ligg sentralt plassert i ein region i medvind med tyngre satsingar innan både reiseliv, siderproduksjon og teknologi. Det skjer i Hardanger!
Tunet er mellom dei få godt bevarte vestnorske klyngetuna, og inneheld det eldste kjende rettslokalet i Noreg – Lagmannsstova. Stova tilhøyrde i si tid den norske ridderen, lagmannen og riksråden Sigurd Brynjulvsson Aga (1235 – 1303). Agatunet er ein unik stad, og sentrale tema for formidlinga her er mellomalder, rettshistorie, fruktdyrking og handel, klyngetun og jordskifte, byggeskikk og bygningsvern.