Utstillingsopning!
sun07jun13:0015:00Utstillingsopning!Kulturskuleutstillinga
Om arrangementet
Bli med på opning av Kulturskuleutstillinga 2026 Sundag 7. juni kl 13. opnar Kulturskuleutstillinga i Agatunet. Det vert også konsert med elevar frå kulturskulen. Kulturskuleutstillinga gjer eit innblikk i elevane si utvikling,
Om arrangementet
Bli med på opning av Kulturskuleutstillinga 2026
Sundag 7. juni kl 13. opnar Kulturskuleutstillinga i Agatunet. Det vert også konsert med elevar frå kulturskulen.
Kulturskuleutstillinga gjer eit innblikk i elevane si utvikling, skaparglede og kunstnariske nysgjerrigheit. Publikum vil få oppleva eit felles prosjekt i form av ein installasjon, samt eit mangfald av bilete laga med tørre- og oljepastellar og akrylmåling. Elevane har arbeidd med fargekomposisjon, fargeblanding og korleis ulike dei kan nytta ulike teknikkar for å skapa personlege uttrykk og stemningar.
Arbeida ber preg av barn si lettheit, fantasi og spontanitet. Dei syner ei imponerande evne til å uttrykke følelsar og idear gjennom kunst. Utstillinga inkluderer også verk av ein vaksen elev som har utvikla sitt kunstnariske språk og tekniske ferdigheiter på ein særleg inspirerande måte. I tillegg er her arbeid laga i samarbeid mellom dei yngste borna og vaksne, noko som tilfører prosjektet varme, nærheit og fellesskap.
Sjå arrangementet på Facebook
Program
Dato