Lars Korff Lofthus
lau09mai(mai 9)11:00sun30aug(aug 30)17:00Lars Korff LofthusKunstutstilling
Om arrangementet
Måleri og litografi av Lars Korff Lofthus I Lars Korff Lofthus (f. 1978) sine maleri møtast ulike miljø: hardangerstover med framskap og bondesenger, kraftige mannekroppar og store landskap – alt måla
Om arrangementet
Måleri og litografi av Lars Korff Lofthus
I Lars Korff Lofthus (f. 1978) sine maleri møtast ulike miljø: hardangerstover med framskap og bondesenger, kraftige mannekroppar og store landskap – alt måla med eit personleg og karakteristisk blikk. Tidlegare måla han vestlandslandskapet – ikkje det nasjonalromantiske, men det vestlandske slik mange kjenner det i dag: gjennomskåre av tunnellar, prega av brøytestikker og moderne infrastruktur. Etterkvart har Lofthus vendt blikket innover, mot kulturarven frå Hardanger, og sitt eige skeive tilvere.
Dei ulike motivkretsane – tradisjonelle vestlandsinteriør, landskap og menn står ofte side om side. Det er i samanstillinga at spenninga oppstår. Maleria opnar for nye lesingar av det heimelege og det maskuline, og inviterer til å sjå på attrå og det å høyre til med eit anna, skeivt blikk.
Formalt trekk Lofthus vekslar på dekorative ornament og folkekunst. Interiøra malast med breie og transparente penselstrøk i fargar som både er tru mot dei historiske romma og samstundes overraskande moderne – ofte intense, tidvis nesten skrikande. Til tross for dei enkle, tilsynelatande raske penselstrøka, er verka metta med detaljar og ornamentikk. Med presise penselstrøk formar han motiva og skildrar ljos og perspektiv slik at det kan kjennast nesten overraskande lett.
Lofthus lar det heimlege, historiske og det skeive eksistere side om side. Maleria granskar korleis identitet vert forma i møta mellom attrå og tradisjon, mellom ornament og kropp, eller mellom tilhøyra og utanforskap.
Lofthus er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, avdeling Kunstakademiet, Det Kongelige Danske Kunstakademi og Nordiska Konstskolan i Kokkola, Finland. Han har ein omfattande utstillingspraksis, og er i tillegg engasjert i skriving, formidling og kuratering. Arbeida hans er innkjøpt av blant annet Nasjonalmuseet, Kode, Oslo kommune, Equinor kunstsamling, og Universitetet i Agder. Han deler tida og arbeidet sitt mellom Bergen, der han tidlegare var førsteamanuensis ved Kunstakademiet, og atelieret sitt i Hardanger.
Utstillinga opnar laurdag 9. mai kl og står til sundag 30. august 2026