Experiences


Lots to see and experience!
Det er ei oppleving i seg sjølve å vandre i det stemningsfulle, gamle tunet. I Agatunet er ikkje bygningane tilflytta, men står der dei sto når Agatunet vart freda etter jordskiftet i 1938.
Her er noko av det du kan oppleva:
Bli med på omvising med ein av våre guidar.
Opplev utstillingane våre.
Lat borna leike i Riddarklubben.
Sjå film om mellom anna fjorden og fjella.
Opplev tradisjonsbakst på nært hald. Me bakar og pizza i bakstekjellaren vår.
Me arrangerar jamnleg konsertar, føredrag, handverksdemonstrasjonar . Følg med i programseksjonen.
Du kan leige lokale til møter og feiringer, tinga sidersmaking og arrangement, eller få eigne omvisingar eller tilpassa opplegg – ta kontakt om du har særlege ynskje, me vil gjerne gje deg dei beste opplevingar i det flotte tunet vårt!