– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillinga "Lov om land"

fre21junsun01sepUtstillinga "Lov om land"Om Landslova av 1274 - 750 år i år!

Om arrangementet

Om utstillinga

I 2024 er det 750 år siden Magnus Lagabøte gav Landslova av 1274 – ei juridisk storhending som skal markerast og jubilerast over heile landet! Denne banebrytande lovboka skulle stå seg i kring 400 år, og kan hende er det først no me byrjar å verkeleg forstå i kva grad dette lovverket har forma landet vårt.

I Agatunet, kor me har historie tett knytt til lova og perioden, set me i høve jubileet opp utstillinga “Lov om land” – ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i Landslova. Me har fokus på odel, jordskifte og frukthager – emne som både då og no var viktige for regionen vår, og for menneske som held i hevd landeigedom her. I utstillinga vil me og syna, gjennom døme frå diplomatariet, korleis lova vart nytta i praksis, og slik direkte påverka folk sitt liv. Utstillinga har eigne tekstar retta mot barn, aktivitetselement, og vert ståande i Agatunet og utover jubileumsåret. Ho opnar 21.6, og kan sjåast alle dagar 11-17 til og med sundag 1.9.24. Etter Agatunet stengar for sesongen 1.9 vert ho tilgjengeleg etter avtale fram til sesongopning i mai 2025.

Agatunet var på denne tida heim til riddaren og lagmannen Sigurd Brynjolvsson, som sette rett her, og dømte etter Landslova medan ho enno var ny. Lagmannsstova her i tunet er det eldste ivaretekne rettslokalet me har i Noreg, og i den autentiske mellomalderkjellaren under gildehallen vert jubileumsutstillinga vår sett opp. Der får du og sjå ein replika av det eldste fullstendige rettsdokumentet i norske arkiv, Bleiediplomet. Diplomet er eit forlik i ein konflikt mellom bønder på Indre og Ytre Bleie, og løysinga lagmannen fekk skreven ned i dette diplomet var overhalde på Bleie i mange hundre år.

Fagkonsulenter for utstillinga er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo, og Lars August Hafting Kvestad, førstelektor ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

 

Utstillinga er støtta av Vestland fylkeskommune, Sparebanken vest og Ullensvang kommune.

 

Program under ustillingsopning 21. juni:

kl. 18.00 – Opning ved Anne Elisa Tryti, prosjektdirektør i Vestland fylkeskommune. Talar ved fagansvarlege for utstillinga.

Kl 19.30 Mellom land og lov – eit historisk forteljarprogram med/av Guttorm Rogdaberg, Anne Hesvik, Inger-Kristine Riber og Reidun Horvei. Eigne billettar til denne delen av programmet på Ticketco – her kan du kjøpe billettar (ekstern lenkje).

 

Tid

Juni 21 (Fredag) 18:00 - September 1 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)