Haugen og Tvilde
lau31aug12:00lau13:00Haugen og TvildeHardanger musikkfest i Agatunet
Om arrangementet
Hardanger musikkfest kjem til Agatunet! Velkomen til konsert med Amalie Tvilde (durspel) og Ove Haugen (tenor)! Olve Haugen og Amalie Kinsarvik Tvilde vaks opp på kvar si side av Sørfjorden. Deira musikalske
Om arrangementet
Hardanger musikkfest kjem til Agatunet!
Velkomen til konsert med Amalie Tvilde (durspel) og Ove Haugen (tenor)!
Olve Haugen og Amalie Kinsarvik Tvilde vaks opp på kvar si side av Sørfjorden. Deira musikalske vegar har likevel aldri kryssa kvarandre før no, og endeleg skal me få oppleva dei saman på scena! Olve er forankra i den klassiske musikken, medan Amalie er folkemusikar.
Du kan lesa meir om artistane på heimasida til Hardanger musikkfest: https://www.hardangermusikkfest.no/artistar-2024
Konserten startar i Lagmannsstova klokka 12.
NB: Lokalet er diverre ikkje tilpassa rørslehemma.
Billettar: 375,-. Dei kjøpast på ticketco, lenkje her: https://hardangermusikkfest.ticketco.events/no/nb/e/hardanger_musikkfest_2024
Restpassar vert tilgjengelege i kaféen i Agatunet på sjølve konsertdagen. Agatunet opnar klokka 11.
Ta gjerne båten Aurora of the Fjords til konserten.
Avgang Lofthus kl. 11.15, ankomst Aga kl. 11.30.
Retur Aga kl. 14.10, ankomst Lofthus 14.25.
Båtbillett kjøpes via The Fjords, trykk på lenkja her: https://booking.thefjords.no/en/to-do/2484488/fjordcruise-hardanger/showdetails?sorting=st%3Drnd%3Bso%3Da
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
Boklansering
For familien
Konsert
Kunst og kultur
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdemuseum
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
lau21sep12:00lau19:00Open kafé og bruktmarked
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet. Me
Om arrangementet
Det blir so stille no når sommarsesongen er over. Difor vil me ha open kafé laurdag 21.september, og oppmodar bygdefolket til å sette av tid til eit kafèbesøk på Agatunet.
Me har litt is som me sel til halv pris, kaker og kaffi, og elles fine ting i museumsbutikken: Nyttige og fine ting i tre, laga i Hardanger og på Voss, bruksvarer i kjeramikk laga i Bergen, fine gamle plakatar, og sjølvsagt bøker. Riddarrommet med prinsessekjolar og riddarkostymer vil óg være ope.
I Asbjørnsløa blir det eit eksklusivt bruktmarked. Her vert det seldt utvalde skattar denne ettermiddagen.
Kl. 17:00 blir det lansering av boka ATTRÅ om kunsten til Lars Korff Lofthus. Sjå eige arrangement.
Håpar me sjåast.