Omvisingar på sundagar
sun30jun(jun 30)13:00sun25aug(aug 25)14:00Omvisingar på sundagarKabuso/I.V. museum
Om arrangementet
Velkomen til omvising – kvar sundag i heile sommar! Kl 13:00 Ingebrigt Vik museum – skulptursamling Kl 13:30 Kunsthuset Kabuso, sommarutstillinga SETT ALLE REDE Bli med ein av dei dyktige omvisarane våre
Om arrangementet
Velkomen til omvising – kvar sundag i heile sommar!
Kl 13:00 Ingebrigt Vik museum – skulptursamling
Kl 13:30 Kunsthuset Kabuso, sommarutstillinga SETT ALLE REDE
Bli med ein av dei dyktige omvisarane våre på omvising i sommar!
Du kan bli nærare kjend med Ingebrigt Vik (1867-1927) og skulpturane hans, og få eit djupare innblikk i utstillinga Arvid Pettersen/Gabriel Johann Kvendseth – SETT ALLE REDE.
Pettersen og Kvendseth har jobba i dialog fram mot utstillinga i Kabuso, men med fokus på kvar sine kunstnarskap.
Kultur og natur er sentrale omgrep i utstillinga.
Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten (100,- / 55,- / gratis under 16 år el. medl. i kunstnarorg.)
Tid
30. juni 2019 13:00 - 25. August 2019 14:00(GMT+00:00)
Program
lau31mai11:00sun31aug17:00Kulturskule- utstillinga 2025Unge og lovande!
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova. Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga
Om arrangementet
Kvart år set me opp ei utstilling laga av elevar på kunstfag i Ullensvang kulturskule. Utstillinga finn du i kjellaren i Johansstova.
Elevane jobber med stor variasjon gjennom skuleåret, og utstillinga representerar denne breidda – ein får sjå alt frå raske skisser (croquis og bilndteikning) frå teikneøvingar, til meir forseggjorte arbeid som har vakse fram over tid.
Elevane vel sjøl ut nokre verk som skal inngå, og kunstfaglærar Johild Mæland syter for god representasjon og monterar utstillinga.
Det har i år vore 40 elevar fordelt på seks undervisnningsgrupper, ei i Jondal , ei på Hauso og fire grupper i Odda. Spennet i alder er stort, frå småskule til vaksne elevar.
Felles for alle gruppane er at dei ein periode såg på folkekunst, der ein spesielt undersøkte ulike stilretningar innan rosemaling.
Hardanger spillfestival inviterte kunstfag til å lage illustrasjonar, i form av spelkort i eit gjeve format, til presentasjon av dei ulike spela på festivalen. Til samen vart det laga 43 fine små teikningar.
Elevane dreg kvart år på ei ekskursjon og gjer feltarbeid – i år var dei på Baroniet i Rosendal, midt under bløminga!
Utstillinga i år syner både teikning, spillkort, rosemålingsstuder, og maleri. I tillegg vil ein også visa nokre tredimensjonale arbeid, i form av skulpturar.
Utstillinga opnast laurdag 31.mai (sjå eigen programpost om opningsarrangementet), og vert dei fyrste vekene tilgjengeleg laurdag og sundag frå 11-17.
Frå mandag 16.6 til sundag 31.8 er ho open kvar dag 11-17.
Utstillinga inngår i ordinær billett.