– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juli 2021

Det er eit repeterande arrangement

fre02jul11:00fre15:00KrotakakebakingNydeleg eldhusbakst!11:00 - 15:00

bakst, krotakaker, tradisjon, handverk, mat, tradisjonsmat

Om arrangementet

Fredagar i sommarferien fyrar Vikebygd og Aga Bygdekvinnelag opp i omnen i bakstekjellaren. Den gode duften av nysteikte krotakaker sprer seg i tunet, medan bakstekonene kjevlar, krotar og steiker.
I 2021 bakar me frå og med 25. juni til og med 13. august!
Dei er dyktige med kjevla, bakstekonene frå bygdekvinnelaget. Kvar fredag formiddag inntek dei bakstekjellaren med store mengdar deig. Det vert laga høvelege emne, ein kjevlar, ein krotar og ein fyrar i baksteomnen og steiker kakene.
Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær, og dei rutast med eit særskilt kjevle Nytast turre med smør, eller bløytte med smør og prim. Prøv dei og til saltmat, både fylgje til middagsmat, eller med pålegg. Krotakaker med egg og flesk kan lyfta einkvar helgefrukost!
Du kan handla krotakaker direkte frå bakstekonene i kjellaren, og i butikken (med forbehald – det vert snart utseld!). Me serverar jamnleg krotakaker i kafeen.
Av smittevernomsyn slepp me i år ikkje folk inn i kjellaren, men du kan sjå handverket og handle krotakaker gjennom den opne døra.

Tid

(Fredag) 11:00 - 15:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

X