Konsertar folkemusikk
tors02jul(jul 2)12:00tors30(jul 30)15:00Konsertar folkemusikkkvar torsdag
Om arrangementet
Konsertar kvar torsdag Kvar torsdag i juli inviterer me på folkemusikkonsertar i Lagmannstova. Konsertane startar kl 12.10, 13.10 og 14.10, og varar kring 20 minuttar. Konserten er inkludert i den vanlege
Om arrangementet
Konsertar kvar torsdag
Kvar torsdag i juli inviterer me på folkemusikkonsertar i Lagmannstova. Konsertane startar kl 12.10, 13.10 og 14.10, og varar kring 20 minuttar. Konserten er inkludert i den vanlege inngangsbilletten.
I år er det unge og lovande Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes som spelar konsertane. Slik skildrar ho seg sjølv: “Eg heiter Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes, bur på ein fruktgard og spelar hardingfele. Eg har spelt hardingfele i snart 8 år, og det har blitt ein veldig viktig del av livet mitt. Hardingfela har ein spesiell lyd som eg synest er veldig vakker. Eg likar godt å spela folkemusikk, for den fører meg inn i den norske kurturen. Eg øver mykje og prøver å bli betre heile tida. I sommar gler eg meg veldig til å spela for dykk! Håpar de vil ta ein tur innom! ”
Torsdag 9. juli er det Siri Nordgård som har konsertane. Ho er ein svært dyktig toradar-spelar, og vann Landskappleiken i toradarspel i 2025.

Sjå arrangementet på Facebook
Program
Dato