– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ragnhild Aarvik

Livet, kvar dag.

 

Årets ungdomsutstiller er Ragnhild Aarvik. Ho kjem frå Lofthus, men er busett i Oslo, der ho er under utdanning ved Kunstakademiet. Ho har og ei fagutdanning frå Einar Granums kunstskule.

 

Ragnhild Aarvik kjem til Agatunet med utstillinga Dagsrevyen, tur i skogen og Biola ved spesielle høve. erka hennar er i hovudsak måleri i olje og akryl, i ulike format.

Utstillinga heng til sundag 29. august.

 

Tittelen avslører ei interesse for og tilnærming til det kvardagslige menneskelivet, men ber og i seg noko søkande og lengtande gjennom sitt slektskap til  typiske kontaktannonseformuleringer.

 

Med ofte nære utsnitt og breie penselstrøk arbeider Ragnhild seg inn på menneskets daglege livsvilkår, og undersøkjer korleis livet spiller seg ut i spennet mellom kultur og sivilisasjon på eine sida, og natur og drift på den andre.

 

Ragnhild Aarvik har tidlegare synt verka sine på mellom anna joleutstillingane til Hardanger kunstlag i 2017 og 2018, sommarutstillinga på Hotel Ullensvang i 2019, og fleire duo- og gruppeutstillingar i Oslo. Si fyrste seperatutstilling hadde ho på Galleri Skylight i Oslo i 2020.

 

Utstillinga står i Johanskjellaren i Agatunet frå 05.06.21-29.08.21, og er inkludert i ordinær billett.

 

X