Siri Berrefjord

Siri Berrefjord

– inspirert av tradisjonen.

Siri Berrefjord (f. 1972) arbeider innan ulike kunst- og kulturuttrykk, og er ein av bidragsytarane til sesongens kunstutstilling i Agatunet.

Ho stillar ut tekstilar og smykke i «Salen» i Lensmannsstova i Agatunet 11.05.19-01.09.19.

Berrefjord lagar smykke, syr klede og arbeider mellom anna med grafisk design. Ho har vore frilansfotograf i over 20 år, og har primært arbeidd med å fotografera antikvitetar, kunst og arkitektur. Mest kjend er ho for sine fargerike brosjer i plast, inspirerte av norsk bunadssylv.
Hun har delteke på fleire utstillingar rundt om i landet, og ho sel smykka sine på m.a. Norway designs, Maihaugen og Nasjonalgalleriet. Ho er medlem av Designerkollektivet i Oslo.

Siri Berrefjord er busett i Hønefoss, men ho er svært glad i Vestlandet. For nokre år sidan kjøpte ho ei gamal røystove i Kvanndal saman med mannen sin.
Berrefjord seier sjølv at ho let seg imponera og begeistra av den rike norske kulturarve, særleg bondekulturen. I bondekulturens finn ho ein rikdom i fargar og detaljar ho søkjer å fusjonera med nye materiale, for å gje nytt liv til tradisjonelle uttrykk.

Berrefjord undersøkjer tid og korleis me nytter ho. Me lever i ein periode av historia der sjølve tida har vorte ei mangelvare, trass i at me har skapt så mange hjelpemiddel for oss sjølve. For to hundre år sidan  arbeidde folk mykje meir enn oss, og dei nytta mykje meir tid på daglegdagse gjeremål som husarbeid og matlaging. Dei hadde ikke maskinar å hjelpa seg med. Livet var tungvint. Arbeidet var direkte livsbergande. Trass dei tunge vilkåra la dei ned mykje tid og flid i utsmykking og handarbeid. Bruksgjenstandar i tre fekk vakre utskjeringar, kister og skåp vart sirleg måla og utsmykka. Mest alle dreiv med handarbeid. Berrefjord er særleg oppteken av kvinnearbeidet. Dei nytta tid, mykje tid, på alt frå dukar og gardinar til stasplagg, og dei la mykje omsut i dette arbeidet.

Berrefjord vart djupt bevega og inspirert når ho såg den store bringklututstillinga på Hardanger folkemuseum (6.5.18-1.11.19). Noko av det som rørte ho sterkt handlar nettopp om omsut, tid og individualitet. Kvinnene har site, time etter time, og laga dei små kunstverka bringklutane er,  alle laga over ein tydeleg mal, i same format, med liknande materiale og farger, men som likevel syner eit utruleg rikt mangfold!

Noko av det same vil Berrefjord visa med arbeida ho har med til Agatunet. Kleda og smykka ho skapar tek lang tid å framstilla. Ho har hug til å få sjølve tida til å synast, tida som er nytta i framstillinga av objekta. For kva er eigentleg tid i en slik samanheng? Eit uttrykk for omsut, for vedvarande merksemd og kjærleik til tinga. Ei omsut som gjev tinga eksklusivitet, uavhengig av kva materiale dei er framstilte av.

Ho seier sjølv: «Ved virkelig å bruke tid på å lage gjenstander, gir man dem også sjel. Når ting er grundig bearbeidet og har fått tid til å komme sakte, men sikkert til syne, først da kan de nå sitt potensial.»
Utstillinga er ei salsutstilling. Siri Berrefjord har også arbeid for sal i museumsbutikken.

Les meir på Berrefjord si heimeside.

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå
Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne


Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger folkemuseum!
Opningstider
6.mai - 1. sept. 2019:
Kl 10 - 17 alle dagar
Ope for grupper og andre besøkande etter avtale heile året
X