May Helen Bleie

May Helen Bleie

 

May Helen Bleie vaks opp på Bleie i Ullensvang, og er no busett i Odda. Ho er ein av bidragsytarane til sesongens kunstutstilling i Agatunet.

Bleie byrja å laga smykke som hobby medan ho var oljearbeidar i
Nordsjøen. Etterkvart har ho utdanna seg til gullsmed, og har sidan 2012
drive firmaet Zilver Neckless, som i mars 2019 opna butikk og verkstad i
Odda. Bleie har mellom anna spesialisert seg på gjenbruk og omstøyping
av gamle sylvgjenstandar, og etterkvart eige design av sylvsmykke.
Mellom anna har ho laga eit smykke inspirert av festningen i gamlebyen
i Fredrikstad. Dette vann pris som Folkets favoritt i Norges
Gullsmedforbunds Designkonkurranse 2016.

Med seg til Agatunet har Bleie mellom anna eit arbeid forma som ei
fransk linje, våpenskjoldet til Sigurd Brynjulvsson – som også er å finna
i kommunevåpenet til Ullensvang herad.

Ho stillar ut sylvarbeid i «Sakaskåret» i andre etasje i Lensmansstova i Agatunet frå 11.05.19-01.09.19.

 

Les meir på May Helen Bleie si heimeside.

Opningstider

  • 8. mai-20 juni: Laur+sundag kl 11-16
  • 22. juni-15. august: Tys-sundag kl 11-16
  • 21.-29. august: Laur+sundag kl 11-16

Heile året: Ope for grupper etter avtale

Kontakt

Besøksadresse: 5776 Nå

Postadresse: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Tlf: 474 79 902
E-post: agatunet@hvm.museum.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram

Opening hours

  • May 8-June 20: Sat+Sunday 11 AM-4 PM
  • June 22-August 15: Tues-Sunday 11 AM-4 PM August 21-29: Sat+Sunday 11 AM-4 PM

Open for groups and other visitors by appointment throughout the year

Contact

Visiting address: 5776 Nå
Postal address: Museumsvegen 36, Utne

Tel: +47 474 79 902
E-mail: agatunet@hvm.museum.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X